fredag 27. mai 2011

Kontrakter og flytting

I går skreiv vi under på både lånekontrakt i Sparebanken og vi skreiv under byggekontrakt med Nordal Bygg. No er det ingen vei tilbake:) No er det berre å køyre på!! Vi kjem aldri til å ha råd til det vi vil lenger...men steike for eit bra hus vi kjem til å få! I helga blir det jobbing i tomta igjen, og håper at støyping av plate skjer innen dei to neste vekene. Blir visst til at vi skal støype plata før Nordal byrgjer å byggje. Ber om opphaldsvèr!!

I helga håper vi også å flytte inn i ny leilighet:) Det blir hærlig! Eg skal aldri meir bo i ein kjeller. Så flott at vi skal ha eit hus utan kjeller då;) Skal legge ut nokre bilder av leiligheta når vi har komt litt på plass.

2 kommentarer:

  1. Grattis som gjeldsslave, og med huskontrakt ! Velkommen i klubben :0)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...