Viser innlegg med etiketten Tapet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tapet. Vis alle innlegg

lørdag 20. oktober 2012

Fuglerommet


Gjesterommet i andre etasje har fått navnet "Fuglerommet" pga den blå fugletapeten. Eg syns det har blitt kjempekoselig der, og Falsterbo-tapeten frå BoråsTapeter er berre nydelig!!  Det er det einaste rommet i huset som er ferdig lista, utanom badet i fyrste etasje.


Artig stol vi arva frå mormor og besten.

Amerikakoffert. 

Gjestesenga med "Sov godt" puter vi fekk i gåve.

Nattbord kjøpt på loppisbutikk.

Skjønn blå stol. Også arvegods.

tirsdag 12. juni 2012

Helga som gjekk

I helga hadde vi stoore planer! Vi skulle legge ferdig golvet, sette inn innerdører, støype golv på badet og tapetsere. Fredagen kom og dørene og resten av golvet vi hadde bestilt (og som vi hadde fått lovnad om at skulle kome til helga) kom ikkje likevel. Vi hadde eit håp om at dei skulle dukke opp på lørdagen, men neeida! Då var det berre å sette igang foreldra mine til å tapetsere mens eg fekk opplæring i å koble stikkontakter. Magne kom godt igang med sikringsskapet.


Sikringsskapet sett frå walk-in

Magne har fått inn alle røra i sikringsskapet

Planlegging

Gøy å koble

Ekstra flate kontakter gjer seg

Først blå, så brun, svart og kvit. Gul/grøn er jording:) 

Takpunkta våre, med krok i

Tapetane har endelig komt opp, og den eine finare enn den andre:) Mangler berre tapeten på hovudsoverommet. Alle tapetane er frå Borås. Er kjempefornøgd, men blir nok enda betre når listverk og møbler kjem på plass. Litt dårlege bilder, men ein får eit inntrykk.


Soverom - Falsterbo 1435


Stova - Falsterbo 1422

Gjesterom - Falsterbo 1426

Kontor/soverom - Karslund 2931
Kjøkken - Karlslund 2930


No kan vi snart legge membran på badegolvet i hovudetasja. Det har vore litt styr med dusjveggen, plassering av doen, riktig fall på golver osv, men no ser det ut til å ordne seg. Over dusjveggen skal det være glasvegg.

Dusjvegg av litexplater

Her kjem do med høgthengande sisterne



tirsdag 29. mai 2012

Tapetvalg

Eg trur at vi endeleg har bestemt oss for tapetar til resten av romma. Har nok forelska meg i Boråstapetane, så difor blir det borås på alle rom:) Det er liksom litt vanskelig å ta det endelege valget og bestille tapetane, for tenkt om eg finn ein tapet som er enda finare?


Stova

Gjesterom

Kontor/hobbyrom

Hovudsoverom

Soverom


mandag 28. mai 2012

Resultat frå helga

Det har vore ein fin jobbehelg i huset, med sol, godt selskap og mykje god mat i pausane. Vi har nok ikkje komt så langt som vi håpte, men det går stadig framover:) No er golvet ferdig på heile stova, og vi er godt på vei på kjøkenet. Alle spør om vi ikkje angrar på at valg av golv.."hadde vi valgt parkett hadde vi vore ferdig med golvet for fleire veker sidan". Men nei, golvet er nydeleg fint og utruleg lunt og godt å gå på:) Eg trur nok at vi hadde angra meir om vi la eit golv som andre meinte vi burde legge....

Tv-kroken



Fekk overgangen eg ville mellom kjøken og stove


Lekker tapet - boråstapet

lørdag 26. mai 2012

Arbeidshelg i huset

Ja, det har tatt litt tid med tregolvet!! Vi greidde til slutt å få ferdig golvet i 2 etasja, og no held vi på for fullt i hovudetasja. Sidan det er betonggolv i hovudetasje måtte vi fyrst legge plast, ullpapp og kryssfinêr før vi kunne legge sjølve tregolvet. No håper vi berre at vi har nok golv til å fullføre... Vi skal ha same golv på både stove, kjøkken og soverom i hovudetasja.





Nok ein gong stiller foreldra mine opp og hjelper til med det meste. I dag har dei begynt å legge tapet på kjøkenet:) Tapeten, som er ein Borås tapet, var visst svært enkel å ha opp. Skøytane er so og seie usynlege. Dette trur eg vert ei meget bra helg!


søndag 6. mai 2012

Takpapp, veggpapp, tapet!

Endeleg har vi klart å plukke ut ein tapet, og det var jaggu ikkje berre berre. Det er så utruleg mykje fint å velge i. Likar spesielt godt tapeter frå Borås sine kolleksjonar Karslund og Falsterbo og Duro sine Gammelsvenska tapeter. På kjøkkenet har vi valgt ein Borås tapet, Karlslund 2930. Syns mønsteret er kjempefint, og passer perfekt inn i sveitserstilen. Den tek også igjen fargen frå ytterdøra vår:)

Borås - Karlslund 2930

Tapeten tek igjen fargen på døra


Andre flotte tapeter å velge i:

Borås - Karlslund 2921

Borås - Karlslund 2931

Borås - Falsterbo 1428

Borås - Falsterbo 1435

Borås - Falsterbo 1402

Borås - Falsterbo 1422

Duro - Gammelsvenska 015-01

Duro - Gammelsvenska 006-11

Duro - Gammelsvenska 087-19


Duro - Gammelsvenska 037-21

fredag 30. april 2010

Nydelig tapet!

I dag he e lagt på sofan å berre lata meg. Då passa det fint at det kom "Vakre hjem" i posten. Fant blant anna dinna nydelige tapeten frå Zoffany, og den hadde absolutt gjort seg på kjøkkenet i nye huset vårt!! Det helde kanskje å ha det på eine veggen? Likte at det var litt antikke, nøytrale farga, men samtidig blå fugla som eg kan ta igjen i innreiinga. Ooo! Gleda me sånn!!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...