tirsdag 28. juni 2011

Plater på veggane

I går fekk dei opp plater på veggane i 1. etasje. Då vart det straks veldig kjekt å gå rundt i huset. Begynner å få ein følelse av størrelsen og takhøgda:) Fant også ut at eg er glad for alle vindauga vi skal ha. Blir lyst og deilig!! Reknar med at takstolane kjem mot slutten av veka også.












torsdag 23. juni 2011

Enda eit lite steg vidare:)

No er materialen komen, og fleire veggar er oppe:) Bilda kjem sikkert fortløpande her inne.. Enjoy!




Midlertidig bopel

Som sagt tidlegare, så har vi flytta inn i ny leiligheit. Utleieleiligheita til svogeren min. Den er heilt nyoppussa, og vi trives steikje godt så langt. Lyst og triveleg! Tenkte berre legge ut nokre bilder, for dei som er nysgjerrige. Har ikkje komt heilt på plass enda. Manglar persienner og ting på veggane blant anna. Kom gjerne innom på besøk:) (dinna siste kommentaren va meint til kjentfolk då).

Stort og deilig bad. Doen he vi gøymt bak kommoden:)

Endelig he vi plass til kleda våre!

Mangla persienne, så søppelsekk får halde ei stond til..





Kontoret mitt:)


Eg e klar for å innrede hus!!

onsdag 22. juni 2011

Vi er i gang!!

Kan nesten ikkje tru det! I dag kom jaggu meg ikkje berre ein, men heile tre husvegga opp. He venta soo lenge på det her. Sikkert berre eg og Magne som syns at det e fantastisk spennande, men sånn e det no berre.. Materialet kjem egentlig ikkje før i morgo tidleg, men Nordal fekk låne litt materiale med lokal forhandlar inntil vidare:) Flott de..!






Jippi!!

Hittil har dagen vore super! Har vore flink å gått ein lang tur i sola (noko som var svært deilig), Nordal har begynt å setje opp huset og når eg kom heim igjen fant eg eit brev frå husbanken med innvilging av lån!! Som eg kommenterte på Facebook for litt sida: "kan dagen bli betre?":) No sit eg å feira med ei skål jordbær og fløyte. Må vel ut å gå ein tur til seinare, for å sjå utviklinga i tomta og ta litt bilder.

Skulle egentleg hatt eit kamera som tok bilder ein gong i timen dei næraste vekene, for å sjå utviklinga betre. Kvar kan eg få tak i noko slikt? Ev. låne?

mandag 20. juni 2011

Heimelaga NCS-fargevifte

Eg fekk såå lyst å kjøpe meg ei fargevifte med alle NCS fargane, men ei vifte kosta over 1500 kr pluss frakt på nettet. Det hadde vore så greit å hatt når vi skal begynne å innrede og velge ut farga på maling, tapet og interiør.

[Bilete av NCS fargevifte er fjerna. Bruk gjerne google for å finne dette :)]

Så fekk eg eit lite tips om å samle inn "fargestrips" på malebutikker. Det skulle vise seg å ikkje være så lett, sidan alle butikker har skifta desse ut med berre ein farge pr strips. Tilslutt fant eg ein butikk, og eg fekk lov(om eg ikkje fortalte det til nokon) å samle inn alle fargane:) Så bora Magne hol i stripsa, og eg festa dei på ein ring. Då har eg fått meg ei flott heimelaga vifte!

Plata er ferdig!!

No er endeleg plata støypt og klar til å byggjast på:) Trudde aldri at vi skulle få den ferdig pga regn og vind, men jaggu meg klarte vi det. Magne har vore i tomta fleire gonga i veka for å lense ut vatnet som samla seg pga radonmembranen!! Vi har lagt armering, rør til vannbåren varme og ekstra varmekablar på badet, og vi har heile vegen hatt god hjelp av familien:) I utgangspunktet tenkte vi å støype plata sjølv også, men svoger og prosjektansvarleg(Kåre Rikard) fekk oss til å ta til fornuft og vi leigde inn folk med skikkeleg utstyr. Tok berre nokre timar, så var dei ferdig. Her kjem litt bilete frå forløpet siste tida:




Ferdig med røra!
Magne huska på å merke røra før støypinga:)

Ekstra varmekablar på badet

Støypinga gjekk i ei heise fart!




Golvstøp "Rett og slett"
Ferdig! Dei var så kjapp, at vi ikkje fekk tatt bilder av helikoptera
"Rett og slett";)
Jippi!!!!!!

Nordal bygg vil starte bygginga denne veka, og vi gleeeda oss! Dei skal avvikle ferie om 4 veker, så vi håper dei greier å få opp eit tett bygg innan den tid. Spørsmålet er vel om materialet kjem fram i tide..
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...