Eg har sendt Magne opp i huset aleine i kveld, for eg går egentlig berre litt i veien akkurat no.. Så eg skal berre kose meg med planlegging:)
Eg lurer veldig på kva type fløydør vi skal velge frå hallen og inn til kjøkkenet og vidare inn til stova. Det er opprinneleg teikna inn to glas-fløydører på 160x210, men eg MÅ no sjølvsagt begynne å leite etter noko meir spesielt sjølvsagt. Eg ser for meg smale og høge dører med måla 140x230, og med liknande stil som dørene under.
Nokon som har tips til kvar vi kan bestille slike spesialdører, til ein ikkje heilt urimeleg sum?:)