onsdag 27. april 2011

Fargevalg på ytterdør. Hjelp!!

Har litt skrivekløe i dag:) Sit å prøva a velge farge på den tofløya ytterdøra. Huset skal malast kvitt og taket blir grått og spraglete. Kva er då den flottaste fargen på døra? Tenke å kjøpe fliser i hallen utifrå fargen på døra. Eg ynskjer sjølvsagt at døra skal skille seg litt ut, men samtidig ikkje være "skrikande". Her er nokre fargar eg har sett på:



 





Rød dør veit eg ikkje heilt om eg likar.

Lavkarbo


Altså, det her er i hovudsak ein byggeblogg, men velger å skrive om litt andre ting som skjer også. I går begynte eg og Magne på lavkarbodiett. Det innebær at vi må ete mat som inneheld svært lite eller ingen karbohydrater, og må dermed slutte med brødmat, ris, poteter, ferdigmat osv. Mandag kveld spiste vi potetgull og kosa oss, for å tømme skapet..hehe.


Vi har tømt skuffer, skap og kjøleskap for produkter vi ikkje kan ete, og det var så og seie ingenting igjen:) I går handla vi inn masse sæterrømme, fløyte, smør, grønsaker, nøtter, frø og andre ting som skal erstatte sukker, mjøl o.l. Eg baka lavkarbobrød, lavkarbobriks og laga heimelaga kjøttkaker til middag. Dagen byrja bra med andre ord.





 Nedturen var at eg blei kjempedårleg etter middagen i går. Eg fekk hovudverk, kvalme og følte meg heilt forferdeleg! Trudde at eg hadde blitt sjuk, men las i dag på nettet at dette kan være vanleg i starten på denne dietten. Følte meg betre i dag, men har nesten ikkje lyst på mat i det heile tatt. Åt ein avocado med makrell i tomat og majones til frukost i 11-tida, og er enda ikkje svolten no kl 17.30. Eg får berre stå på, og håpe at det betrar seg etterkvart. Vi gjer ikkje dette for å slanke oss nødvendigvis, men eg håper å få meir energi og at magen min vil få ein betre kvardag.

Påskeferie!!

Det blir kanskje litt for mykje "pause" i husbygginga syns eg;) I påska var vi på kortur til Dublin, med Vanylven blandakor. Det var veldig gøy!! Gjorde faktisk godt med eit skikkeleg avbrekk frå kvardagen, men merka no at mykje har hopa seg opp her heime. Vi var på tur heile påskeveka, og har kost oss med flott vèr, severdigheter, brune puber, godt selskap og ikkje minst sang.

Vi hadde konsert i St. Patrick Cathedral. Var fantastisk!

Meg i kordrakta:)

På Mulligans pub (kalt Muligens). Har visst den beste Guinnessen.

Magne på vikingmuseet.

Dublin har dører i alle farger og former. Artig!

Slik skal visst ein ekte Guinness sjå ut når den er nytappa.

Ein glad Magne på Guinness.

Endeleg smaksprøver.

Så videre til Jameson. Eg venta i baren.

Molly Malone (eller va det Melon)

Snille besteforelde

Det er sjølvsagt snakk om ein del kostnadar når ein skal bygge nytt hus, og berre ringmuren og plata kostar myyyykje penge. Heldigvis er vi så heldige å ha ein flott familie som hjelper til på alle måtar. Besten foreslo at han kunne betale sundolitten om vi hjalp han med å lage til ei heimeside/blogg, så det gjorde vi veldig gjerne. Mormor og besten endte opp med å setje mykje meir pengar inn på konto enn det som var sagt i fyrste omgang, og vi blei sjølvsagt svært gla for det:) Så herved seier vi TUSEN, TUSEN TAKK til snille besteforeldre!! Vi gleda oss til dokke kan kome å sjå det ferdige huset;)

lørdag 16. april 2011

Ringmuren er på plass!

Etter ei lang helg med arbeid er ringmuren endeleg satt opp og støypt. Med god hjelp frå foreldra våre, Inge og Piia og spesielt då min kjære pappa, så fekk vi satt opp ein vanvittig bein og fin ringmur (maks ein halv cm forskjell på heile muren). Vi holdt på tre dager til endes med graving, planering, nivellering og vatring. Resultatet er upåklageleg;)


Dag 1 fekk vi tilkøyrd ekstra singel og grus, som måtte fordelast med minigravemaskin.

Ekspert på nivellering
Traktoren med singel holdt på å køyre seg fast


Dag 2 laga Magne grøfter med rør til vatn, kloakk og elektrisitet. Det blei mykje måling opp og i mente, og komprimering av underlaget til ringmuren.



Dag 3 kom sjølve ringmuren i Sundolitt opp, og vi fekk på plass armering inne i elementa. Det vart igjen mykje måling og finjustering gjennom heile dagen.



Dag 4 (eller egentleg dag 5) kom betongbilen og fylde opp elementa. Yuhuu!!




Eg fått faktisk smaken på ei karriere innenfor entrepenøryrket, etter å ha svinsa rundt i minigravemaskin ein heil dag. Ingen andre fekk lov å prøve! Var steikje artig, og klarte etterkvart å finne ein slags teknikk.  

fredag 8. april 2011

Vindauge

Vi skal sjølv kjøpe vindauge og dører, som entrepenøren skal setje inn for oss. Dette gjer at vi kan spare oss ein del kroner. Problemet er at smaken min er såpass dyr, at vindauga blir dyre uansett. Sidan vi skal bygge eit sveitserhus må vi sjølvsagt ha sidehengsla fire-rams vindauge. I utgangspunktet ynskjer vi i tillegg at det skal være vindauge med isokitt. Det vil seie vindauge med "jukse"-kitt i karmane, som gjer at dei ser ut som gamledagse vindauge med kittfals. Vi har fått tilbod frå Nordvestvinduet, og dei skal ha 500 kr ekstra pr vindusramme om vi skal ha med isokitt. Nokon som har ei meining om det her? Er vi galne som vurderer så mykje dyrare vindauge, eller er det viktig for identiteten til sveitserhuset vi skal bygge? Bileta under viser vindu med isokitt, og er lånt frå Bykle vindu.

Fire-rams vindauge



onsdag 6. april 2011

Tregolv og fliser


Eg har heile tida sagt at eg har lyst på ekte tregolv i huset vårt, i tillegg til fliser på bad, vaskerom og i hallen. Vi tenkte fyrst at det ikkje var bra med tregolv over vannbåren varme, men det skal ikkje være noko problem om plankane er skikkeleg tørka på førehand. Har leita og vurdert kva golv vi skal ha leenge no. Fant blant anna eit flott golv på baseco.se, der hadde dei eit luta, kvitolja furugolv som var lekkert. Beseco classic vit heiter det. Moelven har også veldig fine golv. Dei har eit furugolv som heiter Arctic, og det er også lyst.


Baseco vit


Arctic


Når det gjeld fliser, så er det så himla mykje å velge i. Tenkte at det kanskje hadde vore fint med eit blikkfang i hallen, og har sett litt på gammaldagse eller marokkanske fliser. Prisen er ikkje akkurat veldig lav, men eg trur at det er verdt det. Må berre sørge for at flisene macher fargen på ytterdøra, så blir det heilmaks:) Har funne iallefall fire aktuelle leverandørar. Historiske fliser, Ulfven, far-far og Marrakech design har alle kjempelekre fliser!!


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...