fredag 8. april 2011

Vindauge

Vi skal sjølv kjøpe vindauge og dører, som entrepenøren skal setje inn for oss. Dette gjer at vi kan spare oss ein del kroner. Problemet er at smaken min er såpass dyr, at vindauga blir dyre uansett. Sidan vi skal bygge eit sveitserhus må vi sjølvsagt ha sidehengsla fire-rams vindauge. I utgangspunktet ynskjer vi i tillegg at det skal være vindauge med isokitt. Det vil seie vindauge med "jukse"-kitt i karmane, som gjer at dei ser ut som gamledagse vindauge med kittfals. Vi har fått tilbod frå Nordvestvinduet, og dei skal ha 500 kr ekstra pr vindusramme om vi skal ha med isokitt. Nokon som har ei meining om det her? Er vi galne som vurderer så mykje dyrare vindauge, eller er det viktig for identiteten til sveitserhuset vi skal bygge? Bileta under viser vindu med isokitt, og er lånt frå Bykle vindu.

Fire-rams vindauge



5 kommentarer:

  1. Dokke e galne! Ikkje meir eller mindre! Og ej tenke du lyge litt når du sei "vi" her;) Det kjeme ikkje til å vere noken som ser det eller tenke på det... Anna enn du då, men forhåpentligvis e du so fornøgde me alt anna at du gløyme ta det. Dokke he m o n g e vindu! Å vere tru mot stilen e kanskje aller viktigast når du pussa opp et gammalt hus. Det tenke no iallfall ej. Du e den mest detaljorienterte ej veit om! Galskap:)

    SvarSlett
  2. Ja, galne e vi;) Fant ikkje du ut det før no? hehe.. Det e i detaljane det ligg veit du. Vi får gå gjennom budsjettet eit par gonger til, og sjå kva vi får til. Har allereide utsatt kjøp av kakkelovn og ferdigstilling av bad på loftet.

    SvarSlett
  3. Må sei meg enig med Ann-Sofi igrunn. Budgettsprekken kjem tidsnok, det er ikkje DERSOM det er NÅR. Og kanskje trengst dei pengane til noke meir viktig når den tid kjem.
    Det er virkelig ingen som kjem til å legge merke til det, MEN dersom du kjem til å gå kvar dag dei neste 30åra å ergre deg over akkurat denne detaljen så må det kanskje vurderast.

    SvarSlett
  4. Vi har iallefall lagt inn i budsjettet dei dyraste vindauga, men om det då skulle knipe har vi noko å kutte i:) Eg kjem nok til å legge merke til det sjølv, men er usikker på om nokon andre kjem til å i det heile tatt bry seg. Den som venter får sjå!

    SvarSlett
  5. Enig med de andre. Spar de 500 kronene gange X? (Hvor mange vindu blir det egentlig?) Men så er ikke jeg så detaljorientert som deg heller da, så du må velge selv til slutt. God smak har du i alle fall! :D

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...