Dette er i hovudsak ein husblogg, men eg tek meg den friheit å blogge om litt andre ting også:) Eg har nemleg ein hobby i tillegg til husbygging.. (tru det eller ei). Scrapping heiter det, eller scrapbooking. Scrapping har sin opprinnelse i USA, og går ut på å ta vare på minner gjennom å lage kreative fotoalbum eller minnebøker med bilder og diverse pynt. Ein kan også lage kort, minialbum, pynte små esker osv. Moglegheitane er mange!!
Eg tenkte berre å legge ut bilete av eit par bryllaupskort eg har laga, så får vi sjå om det dukka opp fleire bilete etterkvart:)
PS! Om ikkje alle veit det, så vert bileta større om du trykker på dei:)