Viser innlegg med etiketten Detaljer. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Detaljer. Vis alle innlegg

tirsdag 29. januar 2013

Julefeiring i nyhuset


Eg er veldig lei for at eg ikkje greier å følge opp bloggen min slik som eg hadde ynskt. Eg har vore ekstremt lat no etter jul, og ikkje gjort ein ting i huset. Det blei liksom meir enn nok før jul, for å få ferdig badet på loftet og gjere huset klart til masse overnattingsgjesta. Det blei ei super julefeiring!! Heile familien min frå Stranda feira jul her hos oss i tillegg til svigerforeldra mine. Eg har vore heilt elendig på å ta bilder også, men her kjem litt stemningsbileter frå jula:)

Eitt av to juletre

Pynta julebord

Endelig bruk for sølvbestikk og fineglas:)

Enkelt med lys og granbar

Hekla serviettringar


Ein av mine favorittmøbel er den gamle skyvesenga vi fekk med svigermor, og som har fått plass midt i stova vår. Den vart hyppig brukt i jula. Senga er berre heilt genial, og fantastisk god å kvile middag i!




søndag 21. oktober 2012

Sengemøblar


No har eg hatt ein lat søndag så langt, så då kan eg like godt blogge litt før eg begynner å rydde oppe på kontoret/ hobbyrommet. Skal på bursdagsbesøk også i dag, til bestemora mi:)

Som dokke kanskje har forstått så har eg ein forkjærlighet for gamle møblar, og eg er ikkje verre på det enn at eg har ordna med gamle sengemøblar også. Mormor og besten på Stranda hadde ståande både seng, sminkebord og eit skap som passa perfekt inn på vårt soverom. Møblane har veldig spesiell farge og mønster. Eg tenkte fyrst å male det kvitt, men likar møblane eigentleg veldig godt slik dei er.








På gjesterommet i fyrste etasje har eg også fått på plass gamle sengemøblar. Desse har bestefar laga i si tid, og fargen er berre nydelig syns eg. Eg har alltid tenkt at desse møblane har eg fryktelig lyst på når eg blir stor, og jammen gjekk det slik:)





lørdag 20. oktober 2012

Utskjæringar på bislaget


I dag fekk vi endeleg utskjæringane til bislaget på plass:) Vi har hatt dei liggande lenga, men entrepenøren kom aldri å fekk dei på plass. Magne tok saka i eigne hender i dag og jammen blei det bra. Det er frest inn monogrammet vårt "AM", og året huset var ferdigstilt "Anno 2012". Vi tenkjer å male bokstavane og tala det ein annan farge etterkvart, slik at det blir tydlegare det som står der.


Bislaget med utskjæringane på plass.

Monogrammet vårt.

Anno 2012.


Fuglerommet


Gjesterommet i andre etasje har fått navnet "Fuglerommet" pga den blå fugletapeten. Eg syns det har blitt kjempekoselig der, og Falsterbo-tapeten frå BoråsTapeter er berre nydelig!!  Det er det einaste rommet i huset som er ferdig lista, utanom badet i fyrste etasje.


Artig stol vi arva frå mormor og besten.

Amerikakoffert. 

Gjestesenga med "Sov godt" puter vi fekk i gåve.

Nattbord kjøpt på loppisbutikk.

Skjønn blå stol. Også arvegods.

torsdag 18. oktober 2012

Stova vår


Stova vår er på langt nær ferdig enda, men vi har prøvd å gjere det litt koselig likevel:) Vi har begynt å få på plass litt lister langs golvet og vi har fått det viktigste (sofa og tv) på plass. Dei fleste møblane vi har er antan arva, kjøpt på loppis eller IKEA. Tenkte egentlig å male ein del møbler (som retro-skapa), men syns egentlig at det er litt koselig med ulike fargar. Utfordringa er liksom å få alle typer møbler og farger til å sjå bra ut ilag. Det er kjempekjekt!

Elska sjeselongane frå IKEA, ilag med arva nattbord:)

Tv-sofa frå IKEA ilag med arva puff, lampe og bilde.

Tv-kroken blei ganske koselig faktisk:)

Retro-skap, IKEA-teppe, arva/loppis-stolar.


Det finaste møbelet vi har i stova er vel senga vår. Den kjem inna Skaret, der svigermor vaks opp. Ho var så snill og gi den til oss:) Med hjelp av ei porolonmadrass som eg klipte til, eit gamalt sengeteppe, masse IKEA-puter og saudeskinn så blei det ein skikkelig kosekrok på stova. Planen er å henge opp ein måneskinslampe med stearinlys i hjørnet over senga. 

Gamal og fin seng.

Kosekrok:)

mandag 30. juli 2012

Garderobe

I helga har vi fått opp skap i walk-in-garderoba. Kjøpte PAX-garderobe på IKEA. Det var ganske enkelt og greit, og vi syns det blei eit bra resultat. Håper å få begynne å flytte inn kle snart no:) Det er kjekt å endelig få gjere litt "kose"-arbeid.

IKEA-montør;)




Trapp

Vi oppgraderte som sagt frå ei enkel Stryntrapp til ei trapp frå Escalia. Den kom på plass tidlegare i sommar og vi er kjempeførnøgde:) Det kom to kjekke trappemøntører frå Hagen, og dei monterte trappa på ca 3 timar.


Købehavn

Før trappa kom

Montering

Løfting av trapp

Rørleggeren trår også til;)

På plass

Ferdig:)

Vårt fantastiske Espe-kjøken

Eg og Magne har blitt steikje dyktige på kjøkenmontering i sommar. V har vel brukt nesten 3 veker for å få på plass kjøkenet, så ein må jaggu være tålmodig. Det er ikkje heilt ferdig enda, men fullt brukandes. Det gjenstår å liste, flislegge og litt småtteri.




"Grue"

Simens koketopp

Kjølehjørne og høgskap

Mykje plass her:)

Porselensvask

Stoor og deilig kjøkenøy;)

Enkle knotter på heile kjøkenet

Liten vask på kjøkenøya



Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...