tirsdag 31. januar 2012

Panelplater og gips i 1 etasje

No begynner det å skje ting her:) Nordal bygg er i full gang med å kle fyrste etasja med panelplater og gips. Det blir for det meste panelplater på veggane, men også eit par veggar med gips og tapet. Det blir gips i tak på stove, kjøken og hall, mens på bad, vaskerom og kontor/gjesterom blir det mdf-panelbord i tak. Ellers held vi på med elektroinstallasjon i andre etasja. Trur vi blir ferdige med å kle alle veggar og tak iløpet av februar:)

Kjøkkenet (her kjem innredninga med øy)

Glasveranda

Dør frå kjøken mot stova

Dør frå kjøken mot hallen

Stove

Tv-stove

Dør frå stove mot kjøken

Kontor/gjesterom

Kontor/gjesterom

Hallen

Dør frå hallen mot kjøkenet

Dører frå hallen til bad og vaskerom

Vaskerom

Bad

mandag 23. januar 2012

Doble fløydører

Eg har sendt Magne opp i huset aleine i kveld, for eg går egentlig berre litt i veien akkurat no.. Så eg skal berre kose meg med planlegging:)

Eg lurer veldig på kva type fløydør vi skal velge frå hallen og inn til kjøkkenet og vidare inn til stova. Det er opprinneleg teikna inn to glas-fløydører på 160x210, men eg MÅ no sjølvsagt begynne å leite etter noko meir spesielt sjølvsagt. Eg ser for meg smale og høge dører med måla 140x230, og med liknande stil som dørene under.

Nokon som har tips til kvar vi kan bestille slike spesialdører, til ein ikkje heilt urimeleg sum?:)






Elektroinstallasjon i hovudetasja

No nærma vi oss ferdig med festing av boksar og trekking av rør i hovudetasja. Det har gått i eitt no i to og ei halv veke. Vi har hatt masse god hjelp av familie og venna. Odd-Egil, Inge, Kenneth og foreldra mine har alle vore innom og bidratt til at vi endeleg kan begynde å platekle hovudetasja. Håper at det er siste finpussen som skal gjerast i kveld, slik at vi får begynne på loftet i morgo...phu!











søndag 22. januar 2012

Stemningsbilder


Hvis vi ikke hadde noen vinter, 
ville ikke våren være så deilig;
hvis vi ikke av og til møtte motgang, 
ville god tider ikke være så velkomne.

Anne Bradstreet








lørdag 14. januar 2012

Balkongen er pynta

Endeleg har det mest spanande med huset kome på plass:) Balkongen er no pynta med utskjæringar, rekkverk og terassebord. Det ser utruleg flott ut! Ikkje alt er ferdig oljegrunne, men det får vi ta etterkvart.














tirsdag 10. januar 2012

Vanskelege valg!!

Korleis greier andre å ta alle valga som dukkar opp under husbygging? Ikkje forstår eg!

Eksempel: For at du skal kunne finne plasseringa av stikkontakter langs golvet, så må du fyrst vite kor breie lister du skal ha. OG for å vite kor breie listene blir, må du sjølvsagt velge ut listene. OG for å vite kor høgt opp på veggen listene kjem, så må du vite kor tjukt golv du skal ha. OG for å vite kor tjukt golvet blir, må du vite kva type golv du skal ha (og ev. kva som skal være underlaget på golvet).

Hjeelp!

Og det her er berre ein brøkdel av kva ein må ta stilling til. Det eine avhenger sjølvsagt av det andre heile veien, og valga må takast fortløpande....

lørdag 7. januar 2012

Ferdig isolert

Nordal bygg har stått på og isolert og plasta ferdig heile huset:) No er det godt og varmt inne! No skal han fortsette med å gjere alt ferdig ute, og når det elektriske og røra er på plass skal han begynne å setje opp gips og panelplater inne. Eg og Magne har begynt å montere bokser til stikkontakter, lys og brytarar. Vi har litt av ein jobb foran oss der ja, så seier gjerne velkommen til alle "trikker"-venner:)


Soverom 2 etg

Bad 2 etg. Ser sluken til badekaret (med løveføte..)

Badet 2 etg, begynt å få opp trod. Her blir dusj i hjørnet.

Hovudsoverommet 2 etg.

Hovudsoverommet mot walk-in-garderoba

Loftstova

Loftstova

Kjøkenet 1 etg

Hallen

Glasverandaen på kjøkenet

Gjesterom og kontor sett frå stova 1 etg

Stova (som ligg i tilbygget)

Innerst i TV-stova

Ser frå stova mot kjøkenet

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...