onsdag 23. november 2011

Støypt inngangspartiet


Forrige veke fekk vi endeleg støypt grunnmuren til innganspartiet. Nordal har sagt han ikkje kunne begynne i huset igjen, før det var klart til å setje opp bislaget. Så no er det klart!! Berre å komme;) Vi gleda oss til å få opp bislaget og resten av panelet! Blir spennande å endelig få sjå korleis det blir. Hadde nok gjort seg med ei finare dør også, men den skal ikkje inn før snekkarane er ferdig å rote.





Grunning av rekkverk


Heile familien hjalp til når rekkverket skulle grunnast for eit par veke sidan. Det var ein flott haustdag med strålande sol. Vi fekk ferdig alt rekkverket!! No er det berre utskjæringane til møna som ikkje er grunna ferdig, men Magne er godt i gang:)





torsdag 17. november 2011

Opparbeiding av tomta


Sjølv om det ikkje har skjedd mykje spennande inne, så har det derimot skjedd ein del ute:) Vi har fått flytta veien vår og dermed fått plass til å støype inngangspartiet, og vi har fått vekk haugane med jord og søle. Vi har også fått gjort klart til parkeringsplass og garage, men det blir nok ei stond til vi har råd til ei garage!


Her kjem eit bislag på 1,8 x 2,4 meter

Nedkjørselen er flytta

Borte i hjørnet er det plass til garage (om ca 10 år..)

Fine nye veien vår

Hagen er IKKJE ferdig altså!
Kva skulle vi gjort utan Chriss-Ole!

Ser litt finare ut no

Alt går i sneglefart..

Ingenting har skjedd inne i huset sidan begynnelsen av oktober, men her er iallefall nokre bilder inne frå 1.etg etter inndelinga. Gløymte å legge dei ut i oktober. Er litt vanskeleg å sjå skikkeleg enda.

Står i kjøkkenet og ser inn på stova, vinkelstove.

Står i stova og ser inn på kontor/ gjesterommet

Står på kjøkkenet og ser mot gangen, bad og vaskerom

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...