Eg trur at alle går rundt og husker korleis huset vårt skal sjå ut, og at alle er oppdatert.. men slik er det nok ikkje. Her er iallefall siste teikningane av huset vårt:)
Viser innlegg med etiketten Husteikningar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Husteikningar. Vis alle innlegg
fredag 1. juli 2011
fredag 20. mai 2011
Inngangspartiet
I dag fekk vi forslag til løysing på monogram og årstal på inngangspartiet/bislaget. Det er brukt monogramet vi hadde til bryllupet vårt:) Eg syns det vart tøft! Det blir gravert inn i utskjæringane, og ev. malt med gullfarge. Ka dokke trur, ser det bra ut? Kom gjerne med idear og forslag!
mandag 9. august 2010
Siste og forhåpentlegvis siste utkast av husteikningane:)
Begynner å bli ganske fornøgd med husteikningane no:) Dette er 4. og forhåpentligvis siste utkast. Har vore mykje fram og tilbake. Arkitekten likte idèen min med walk-in garderobe mellom hovudsoverommet og badet på loftet. Badet blei litt mindre enn eg tenkte, men trur nok at det blir stort nok. Etter ein del tilbakemeldingar og diskusjonar, kom eg også tilslutt fram til at loftstova burde være i tilknytning til balkongen, men det hadde sikkert vore supert å hatt soverommet vårt der også;) Det einaste som kan bli litt domt på loftet er at døra til badet ligg midt i loftstova, men får prøve å innrede slik at det er lett å kome seg forbi alle møblane. Hovudetasja er det berre små endringar på, og eg er fortsatt like fornøgd med løysinga.

Ellers har vi endra litt på fasaden. Eg hadde veldig lyst å få plass til vinduer i andre etasje nedover og oppover, og ved å minke takvinkelen greidde vi å få plass til nokre koselige vindu heilt oppe i mønet. Det slepp inn litt meir lys og gjer at vi kan sjå litt av den vakre utsikta frå badet og eine soverommet også.

I utgangspunktet ville vi ha diamantvindu på sidene i 2 etasje, men fekk arkitekten til å lage eit utkast med andre typer vindu. Personleg syns eg framleis at det kler stilen best med diamantvindu, men vil gjerne høyre kva andre syns om det?

tirsdag 20. april 2010
Første utkast av huset!
Endelig har vi fått gjort noko fornuftig. Ting gjekk litt treigt med oss, men i mars var vi på besøk med ei god venninde i Moss, og ho råda oss til å stikke innom EKS design i Askim. I veska mi hadde eg tilfeldigvis med egne skisser av fasade og planløsningar, og EKS tok jobben med å teikne huset. Rett før påske fekk vi tilsendt første utkast, og i dag gav vi en del tilbakemeldingar på ting vi vil endre litt på. Legg ut nokre av bilda, og det hadde vore veldig kjekt med tilbakemeldingar på løsningane:) Vi er stort sett fornøgd, men det er alltid ting en kan forbedre eller ting en ikkje har tenkt på. Får nye teikningar med forbedringar iløpet av denne veka eller i begynnelsen av neste veke.

Fasaden er vel ganske standard egentlig. Det som er litt spesielt er kanskje glasverandaen og påbygget. Påbygget ville eg ha for å få plass til eit soverom i 1 etg, og dermed møte krava til livsløpstandard.
Når det gjeld planløsningane, så er dette noko eg har komt fram til ved å kike på mange ulike ferdighus. Eg har ynskje om eit stort kjøkken/allrom, stort vaskerom og hovudsoverom med tilgang til veranda.

onsdag 24. juni 2009
Drøymehuset!
Tenkte eg måtte legge ut bilder av drøymehuset vårt. Det er berre ein drøym foreløpig, for vi har verken tomt eller klarsignal for å bygge det. Vi håper på ei viss tomt i nye byggefeltet på Fiskå, men det kan sjå ut som huset er nesten ein meter for høgt til å bygge der. Er det ikkje typisk. Svogeren min meinte det skulle gå an å forandre litt på huset slik at litt av nederste etasje blir nedgravd på oppsida. Då må vi bytte plass på etasjene. Kan være ei mulig løsning då. Huset har eit boareal på litt over 180 kvm. Begge etasjene har ei full høgde på 2,60 m og der er mørkeloft i tillegg. Huset blir derfor høgt.

Abonner på:
Innlegg (Atom)