mandag 9. august 2010

Siste og forhåpentlegvis siste utkast av husteikningane:)

Begynner å bli ganske fornøgd med husteikningane no:) Dette er 4. og forhåpentligvis siste utkast. Har vore mykje fram og tilbake. Arkitekten likte idèen min med walk-in garderobe mellom hovudsoverommet og badet på loftet. Badet blei litt mindre enn eg tenkte, men trur nok at det blir stort nok. Etter ein del tilbakemeldingar og diskusjonar, kom eg også tilslutt fram til at loftstova burde være i tilknytning til balkongen, men det hadde sikkert vore supert å hatt soverommet vårt der også;) Det einaste som kan bli litt domt på loftet er at døra til badet ligg midt i loftstova, men får prøve å innrede slik at det er lett å kome seg forbi alle møblane. Hovudetasja er det berre små endringar på, og eg er fortsatt like fornøgd med løysinga.



Ellers har vi endra litt på fasaden. Eg hadde veldig lyst å få plass til vinduer i andre etasje nedover og oppover, og ved å minke takvinkelen greidde vi å få plass til nokre koselige vindu heilt oppe i mønet. Det slepp inn litt meir lys og gjer at vi kan sjå litt av den vakre utsikta frå badet og eine soverommet også.



I utgangspunktet ville vi ha diamantvindu på sidene i 2 etasje, men fekk arkitekten til å lage eit utkast med andre typer vindu. Personleg syns eg framleis at det kler stilen best med diamantvindu, men vil gjerne høyre kva andre syns om det?

2 kommentarer:

  1. Hei. Vi er akkurat i gang med bygging av sveitserhus. Hva er målene på vinduene deres (krysspostvinduene)?. Vi ser for oss like vinduer som dere har men tror vi kanskje bør ha 140 cm høye og da får vi visse utfordinger i forhold til kjøkkenbenk? Hvem er produsent på deres vinduer? Tror vi ender med utenpåliggende sprosser pga u-verdi.. Vennlig hilsen Eirin :)

    SvarSlett
  2. Hei :)

    Vinduaga som er på kjøkkenet er 890x1390mm (altså 9X14M).. Vindauga fluktar akkurat med kjøkkenbenken (griseflaks), men vi har også 260cm takhøgde i 1.etasja. Vindauga våre er alle 3-lags for å halde u-verdien, og er innanfor krav i TEK10. Om de skal ha husbankfinansiering må de kanskje ha enda betre U-verdier enn det som er i TEK10.

    Mvh

    Magne

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...