Viser innlegg med etiketten Leilighet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Leilighet. Vis alle innlegg

torsdag 23. juni 2011

Midlertidig bopel

Som sagt tidlegare, så har vi flytta inn i ny leiligheit. Utleieleiligheita til svogeren min. Den er heilt nyoppussa, og vi trives steikje godt så langt. Lyst og triveleg! Tenkte berre legge ut nokre bilder, for dei som er nysgjerrige. Har ikkje komt heilt på plass enda. Manglar persienner og ting på veggane blant anna. Kom gjerne innom på besøk:) (dinna siste kommentaren va meint til kjentfolk då).

Stort og deilig bad. Doen he vi gøymt bak kommoden:)

Endelig he vi plass til kleda våre!

Mangla persienne, så søppelsekk får halde ei stond til..





Kontoret mitt:)


Eg e klar for å innrede hus!!

fredag 27. mai 2011

Kontrakter og flytting

I går skreiv vi under på både lånekontrakt i Sparebanken og vi skreiv under byggekontrakt med Nordal Bygg. No er det ingen vei tilbake:) No er det berre å køyre på!! Vi kjem aldri til å ha råd til det vi vil lenger...men steike for eit bra hus vi kjem til å få! I helga blir det jobbing i tomta igjen, og håper at støyping av plate skjer innen dei to neste vekene. Blir visst til at vi skal støype plata før Nordal byrgjer å byggje. Ber om opphaldsvèr!!

I helga håper vi også å flytte inn i ny leilighet:) Det blir hærlig! Eg skal aldri meir bo i ein kjeller. Så flott at vi skal ha eit hus utan kjeller då;) Skal legge ut nokre bilder av leiligheta når vi har komt litt på plass.

mandag 8. februar 2010

Midlertidig bopel

Mens vi venta på noko bedre kan eg vise fram korleis vi he det der vi bor midlertidig. Det er i kjelleren til onkelen min. Har pussa opp litt, men orka ikkje legge meir energi i det. Bruka heller energi på nytt hus trur eg. Syns no vi he fått det ganske koselig då:)



søndag 21. juni 2009

Huset vårt i bya.

Tenkte at eg måtte legge ut litt bilder av rekkehuset vårt i bya. Syns vi he fått det veldig koselig der, så det er nesten litt trist å flytte. Tok berre ei veke å få solgt det.



Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...