tirsdag 29. januar 2013

Julefeiring i nyhuset


Eg er veldig lei for at eg ikkje greier å følge opp bloggen min slik som eg hadde ynskt. Eg har vore ekstremt lat no etter jul, og ikkje gjort ein ting i huset. Det blei liksom meir enn nok før jul, for å få ferdig badet på loftet og gjere huset klart til masse overnattingsgjesta. Det blei ei super julefeiring!! Heile familien min frå Stranda feira jul her hos oss i tillegg til svigerforeldra mine. Eg har vore heilt elendig på å ta bilder også, men her kjem litt stemningsbileter frå jula:)

Eitt av to juletre

Pynta julebord

Endelig bruk for sølvbestikk og fineglas:)

Enkelt med lys og granbar

Hekla serviettringar


Ein av mine favorittmøbel er den gamle skyvesenga vi fekk med svigermor, og som har fått plass midt i stova vår. Den vart hyppig brukt i jula. Senga er berre heilt genial, og fantastisk god å kvile middag i!




Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...