mandag 29. august 2011

Ark og balkong

I dag begynte Nordal bygg på arka mot sør. Tenk når vi skal sitte på balkongen om kvelden og sjå på utsikta og stjernene, med eit glas raudvin i handa:) Trur vi må ha ein varmelampe så vi kan sitje der heile året igjennom.






Einaste eg ikkje lika heilt er at det er så utruleg vått inne i huset!! Det flyt med vatn på balkongen, og det renn vatn inn i huset. Huset har aldri vore heilt tett. Forstår ikkje kvifor dei ikkje berre kan ha plast på heile huset!!! Det har vore litt slitsomt med alt vatnet igjennom sommaren, for eg går og er redd for vindauga og materialet vi oppbevarer inne i huset.




Og så har dei endeleg skore ut vindauga i raftene. Har vore litt spent på korleis det blei, og endeleg fekk vi sjå utsikta og plasseringa. Var mykje større enn eg såg for meg. Blir hærleg å sitje i badekaret og nyte utsikta:)





3 kommentarer:

  1. Vin og verandakos verte bra! ;)

    Magne.

    SvarSlett
  2. Nabo'n e spenna klar for vin på verandaen !! :D

    SvarSlett
  3. Ååå!! No gleda eg meg endå meir, sida eg kjem til å få selskap på balkongen også;) Jippi!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...