onsdag 27. april 2011

Lavkarbo


Altså, det her er i hovudsak ein byggeblogg, men velger å skrive om litt andre ting som skjer også. I går begynte eg og Magne på lavkarbodiett. Det innebær at vi må ete mat som inneheld svært lite eller ingen karbohydrater, og må dermed slutte med brødmat, ris, poteter, ferdigmat osv. Mandag kveld spiste vi potetgull og kosa oss, for å tømme skapet..hehe.


Vi har tømt skuffer, skap og kjøleskap for produkter vi ikkje kan ete, og det var så og seie ingenting igjen:) I går handla vi inn masse sæterrømme, fløyte, smør, grønsaker, nøtter, frø og andre ting som skal erstatte sukker, mjøl o.l. Eg baka lavkarbobrød, lavkarbobriks og laga heimelaga kjøttkaker til middag. Dagen byrja bra med andre ord.





 Nedturen var at eg blei kjempedårleg etter middagen i går. Eg fekk hovudverk, kvalme og følte meg heilt forferdeleg! Trudde at eg hadde blitt sjuk, men las i dag på nettet at dette kan være vanleg i starten på denne dietten. Følte meg betre i dag, men har nesten ikkje lyst på mat i det heile tatt. Åt ein avocado med makrell i tomat og majones til frukost i 11-tida, og er enda ikkje svolten no kl 17.30. Eg får berre stå på, og håpe at det betrar seg etterkvart. Vi gjer ikkje dette for å slanke oss nødvendigvis, men eg håper å få meir energi og at magen min vil få ein betre kvardag.

2 kommentarer:

  1. Det blir nok bedre etterkvart, stå på ! :D

    SvarSlett
  2. Hehe...du får sikkert oppdateringar framover skal du sjå;)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...