lørdag 16. april 2011

Ringmuren er på plass!

Etter ei lang helg med arbeid er ringmuren endeleg satt opp og støypt. Med god hjelp frå foreldra våre, Inge og Piia og spesielt då min kjære pappa, så fekk vi satt opp ein vanvittig bein og fin ringmur (maks ein halv cm forskjell på heile muren). Vi holdt på tre dager til endes med graving, planering, nivellering og vatring. Resultatet er upåklageleg;)


Dag 1 fekk vi tilkøyrd ekstra singel og grus, som måtte fordelast med minigravemaskin.

Ekspert på nivellering
Traktoren med singel holdt på å køyre seg fast


Dag 2 laga Magne grøfter med rør til vatn, kloakk og elektrisitet. Det blei mykje måling opp og i mente, og komprimering av underlaget til ringmuren.



Dag 3 kom sjølve ringmuren i Sundolitt opp, og vi fekk på plass armering inne i elementa. Det vart igjen mykje måling og finjustering gjennom heile dagen.



Dag 4 (eller egentleg dag 5) kom betongbilen og fylde opp elementa. Yuhuu!!




Eg fått faktisk smaken på ei karriere innenfor entrepenøryrket, etter å ha svinsa rundt i minigravemaskin ein heil dag. Ingen andre fekk lov å prøve! Var steikje artig, og klarte etterkvart å finne ein slags teknikk.  

3 kommentarer:

  1. Oi, her skjer det ting! Så flinke dere er alle sammen :D

    SvarSlett
  2. Gravemaskin er gøøy! Ej fekk prøve stoore gravemaskin med chriss ole.

    SvarSlett
  3. Artig å følge med på bygginga. Nytt for den som berre har kjøpt hus ferdig. Lykke til med fortsettelsen. De er flinke og har flinke medhjelparar, så dette kjem til å gå som det susar...........

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...