mandag 4. april 2011

Sigdal kjøkken

Eg blei aldri fornøgd når eg teikna kjøkkenet på IKEA, og eg fekk heller ikkje dei løsningane eg ynskja. Eg har laga sikkert 30 utkast. Vi fant ut at kjøkkenet, eller allrommet, vil bli hjertet i huset, og sikkert det rommet vi kjem til å opphalde oss mest i. Derfor tenkte vi at vi skulle legge i meir pengar i kjøkkeninnredninga. Kvänum kjøkken er ganske uaktuelt, sidan prisane deira ligg på kr 250.000 og oppover.

Vi bestemte oss difor for å kontakte Sigdal kjøkken og få teikna eit forslag. Liker godt Herregård palett. Det blir ikkje billig kjøkken det heller, men det begynner iallefall ikkje på ein pris over kr 200.000. I morgon skal vi til Ålesund og diskutere litt detaljer, farge o.l. Kjøkkenet blir anten heilt kvitt eller med ein dus grønfarge.Vi har fjerna eit vindu på veggen rett fram, for å få plass til innebygd kjølehjørne.

Under er utkastet vi har komt fram til så langt:) Digger at kjøkkenvifta er innebygd i ei "grue", og syns dei små toppskapa er kjempeskjønne! Vi kunne sikkert hatt meir skap og benkplass på den eine veggen, men liker at det er litt luft og at vi har god plass til stor kjøkkenøy.

Kom gjerne med innspel.

1 kommentar:

  1. Det såg då kjempefint ut. Har ein lite skapplass får ein heller samle mindre. Lykke til vidare med plalegginga. Detta blir heilt sikkert bra:-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...