mandag 20. juni 2011

Heimelaga NCS-fargevifte

Eg fekk såå lyst å kjøpe meg ei fargevifte med alle NCS fargane, men ei vifte kosta over 1500 kr pluss frakt på nettet. Det hadde vore så greit å hatt når vi skal begynne å innrede og velge ut farga på maling, tapet og interiør.

[Bilete av NCS fargevifte er fjerna. Bruk gjerne google for å finne dette :)]

Så fekk eg eit lite tips om å samle inn "fargestrips" på malebutikker. Det skulle vise seg å ikkje være så lett, sidan alle butikker har skifta desse ut med berre ein farge pr strips. Tilslutt fant eg ein butikk, og eg fekk lov(om eg ikkje fortalte det til nokon) å samle inn alle fargane:) Så bora Magne hol i stripsa, og eg festa dei på ein ring. Då har eg fått meg ei flott heimelaga vifte!

6 kommentarer:

  1. Genialt! Ei sånn har eg og hatt lyst på... Ønske meg i bursdagsgåve? Likar så godt heimelaga ting veit du;)

    SvarSlett
  2. Hehe.. må på leiting etter ein ny butikk eg kan "robbe" då;)

    SvarSlett
  3. Ej me he alltid hatt lyst på ei sånn.. Ka butikk du robba da? Fargerike? Då kan ej robbe en annen, hehe..

    SvarSlett
  4. Lovte å ikkje sei det til noken, så du må nok berre lure. Men for å sei det slik så er det nesten ingen butikka som he slike med fleire farga lenger..

    SvarSlett
  5. Her e no ikkje so monge å velge i då.. hehe. Enten Fagerhol, Fargerike eller coop bygg på åheim. Ej helde no en knapp på Fargerike, hehe.
    Ej får heller låne di viss ej blir i nød. Meina forresten at Marlen he ei ferdigkjøpte ei liggande me.

    SvarSlett
  6. Hei. Kan du ta kontakt med oss på mail: ncs@ncscolour.no - gjelder bildet av NCS fargeviften. Mvh NCS Colour Centre Norway

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...