mandag 20. juni 2011

Plata er ferdig!!

No er endeleg plata støypt og klar til å byggjast på:) Trudde aldri at vi skulle få den ferdig pga regn og vind, men jaggu meg klarte vi det. Magne har vore i tomta fleire gonga i veka for å lense ut vatnet som samla seg pga radonmembranen!! Vi har lagt armering, rør til vannbåren varme og ekstra varmekablar på badet, og vi har heile vegen hatt god hjelp av familien:) I utgangspunktet tenkte vi å støype plata sjølv også, men svoger og prosjektansvarleg(Kåre Rikard) fekk oss til å ta til fornuft og vi leigde inn folk med skikkeleg utstyr. Tok berre nokre timar, så var dei ferdig. Her kjem litt bilete frå forløpet siste tida:




Ferdig med røra!
Magne huska på å merke røra før støypinga:)

Ekstra varmekablar på badet

Støypinga gjekk i ei heise fart!




Golvstøp "Rett og slett"
Ferdig! Dei var så kjapp, at vi ikkje fekk tatt bilder av helikoptera
"Rett og slett";)
Jippi!!!!!!

Nordal bygg vil starte bygginga denne veka, og vi gleeeda oss! Dei skal avvikle ferie om 4 veker, så vi håper dei greier å få opp eit tett bygg innan den tid. Spørsmålet er vel om materialet kjem fram i tide..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...