tirsdag 12. juni 2012

Helga som gjekk

I helga hadde vi stoore planer! Vi skulle legge ferdig golvet, sette inn innerdører, støype golv på badet og tapetsere. Fredagen kom og dørene og resten av golvet vi hadde bestilt (og som vi hadde fått lovnad om at skulle kome til helga) kom ikkje likevel. Vi hadde eit håp om at dei skulle dukke opp på lørdagen, men neeida! Då var det berre å sette igang foreldra mine til å tapetsere mens eg fekk opplæring i å koble stikkontakter. Magne kom godt igang med sikringsskapet.


Sikringsskapet sett frå walk-in

Magne har fått inn alle røra i sikringsskapet

Planlegging

Gøy å koble

Ekstra flate kontakter gjer seg

Først blå, så brun, svart og kvit. Gul/grøn er jording:) 

Takpunkta våre, med krok i

Tapetane har endelig komt opp, og den eine finare enn den andre:) Mangler berre tapeten på hovudsoverommet. Alle tapetane er frå Borås. Er kjempefornøgd, men blir nok enda betre når listverk og møbler kjem på plass. Litt dårlege bilder, men ein får eit inntrykk.


Soverom - Falsterbo 1435


Stova - Falsterbo 1422

Gjesterom - Falsterbo 1426

Kontor/soverom - Karslund 2931
Kjøkken - Karlslund 2930


No kan vi snart legge membran på badegolvet i hovudetasja. Det har vore litt styr med dusjveggen, plassering av doen, riktig fall på golver osv, men no ser det ut til å ordne seg. Over dusjveggen skal det være glasvegg.

Dusjvegg av litexplater

Her kjem do med høgthengande sisterne



4 kommentarer:

  1. Nice post, thanks and wish you a great day.

    SvarSlett
  2. Aiai, dette blir lekkert :) Flotte tapeter!

    SvarSlett
  3. Dokke er berre SÅ flinke! Alt ser kjempebra ut:)Eg beundrer stå-på vilja dokka... Tenk kor stolte dokke kan vere resten av livet! Dokka handarbeid, og litt blodslit og kanskje nokre tårer..? Eg er imponert!

    SvarSlett
  4. Tusen takk søte dokke:) Stå-på-vilja syng vel egentlig på siste verset no, og vi har måtte krype til korset og få inn ein flislegger til badet (håper han får tida forresten). Meen lykka er at kjøkenet vårt kjem denne veka *glise*. Det blir himla spennande! Bilder kjem:) klem

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...