fredag 20. mai 2011

Vaskerommet

Har glømt å legge ut bilder av vaskerommet vi har fått teikna med Sigdal. Tenkte, når vi først er i gang og brukar mykje penga, at vi like godt kunne få teikna ei grei løsning på vaskerommet. Det blir ei heilt enkel kvit innredning. Vi skal ha integrert fryseskap, sidan vi ikkje får plass til frys på kjøkkenet. Varmtvannstank og skap til vannbåren varme i eine hjørnet. I benken skal vi blant anna ha sorteringssystem til skittenkle. I taket over vaskemaskin og tørketrommel skal vi ha tørkesystem frå interiørdetalj.no (sjå nederste bilde). Mellom varmtvannstank og skap skal vi ha ei stang til å henge skjorter og ting som skal strykast. Valgte å ha eit litt åpent rom foran vinduet. Greit med litt plass om ein skulle trenge det:) Noko eg har glømt eller ikkje tenkt på??



2 kommentarer:

  1. Sånnt vaskerom hadde (har) eg og planar om, men det har ikkje vorte endå. Får ta det ein gong en har tid og pengar. Kjempelurt med oppbevaringsplass og oppheng til kle.. det saknar eg.

    SvarSlett
  2. Vi må nesten ha eit slikt vaskerom, for har så lite bodplass. Skal ikkje ha rot i huset i det heile tatt tenkte eg...hehe...jaaaa, sikkert!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...