fredag 20. mai 2011

Radonsperre og isolasjon!

Vi er i full gang med å gjere klar grunnmuren til støyping, men ting tar tid! Vi kom igang forrig helg med å legge isolasjon og deler av radonsperra. Vi har ikkje fått gjort så mykje denne veka pga 17 mai og dårleg vèr. Kenneth derimot har fått gjort ein del den her veka, og han holdt på heile 16 mai med å plane ut deler av tomta rundt huset. Vi var så heldig å få gratis masse frå kjekke naboar med store haugar utanfor huset sitt:) Sånt lika vi!

Denne helga håper vi å komme eit godt stykke vidare, og foreldra mine kjem nok ein gong for å trå til!!:) Eg derimot, som siste utvei på jobben denne helga, må berre troppe opp på vakt:( Meeget kjipt må eg seie, sidan eg ikkje fekk hjelpe til forrige helg heller!!

Gleeda meg til vi kan overlate det til Nordal bygg, og berre sitte å sjå på korleis huset reiser seg!!!!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...