Dilemmaet er at eg ynskjer å ha smale bord (noko eg meinar passer best til stilen på huset), og borda på Perle er ganske breie. Panel-"jungelen" på internett er nesten umogleg og finne ut av. Det er dårlege bilete og vanskeleg å finne fram syns eg. Og så greier eg ikkje bestemme om vi skal ha glatte eller kostemalte plater heller. Der vi bor no er det Fas 8 bord, og dei ser ganske bra ut syns eg.
Kva skal vi velge?? Greier du å sjå kven av panela som er finast på bilda? Vil dokke anbefale noko anna enn Huntonit?
![]() |
Huntonit - Perle 5 bord |
![]() |
Huntonit - Fas 8 bord |
Hei! Eg har ikkje kjennskap til Huntonitt sine, men om du vurderer andre så kan eg anbefale Fjordal sine. Vi har kostemalt faspanel, det ser veldig fint ut. Platene er 60 cm, med 7 bord på kvar. Bestilt og levert frå Fagerhol.
SvarSlettMen eg veit ikkje kor breie perlestaffen er mellom perlene. Ring fabrikken og spør :)
Takk for tipset:) Det skal eg sjekke ut.
SvarSlett