tirsdag 12. juli 2011

Trapp

I kontrakta vår står det at vi skal ha trapp frå Stryntrappa, men eg finn ingen trapp eg lika der!! Einaste som kunne være aktuell er Harmoni eller Symfoni, men føler trappene er for enkle og at det manglar spesielle detaljar.

Harmoni

Symfoni

Sidan vi skal ha ein ganske stor hall med historiske fliser og panel på veggane, så ynskjer eg også at trappa skal passe inn i stilen. Eg fant ein del flotte trapper på Trapperingen. Prisen er sikkert mykje stivare, men der har trappene litt meir detaljar og sjel føler eg. Eg likar at rekkverket går i bue oppover, at rekkverkborda er litt spesielle, at trappetrinna blir breiare nederst, at trinna er tette, at det er litt snirklar og spesielle detaljar og gjerne innebygd trapp. Eg ynskjer at det skal sjå ut som om trappa høyrer til huset og er bygd på plassen;)

Noken som har eit innspel?? 

Lesja - liker fargane, rekkverket og det at den passar godt inn
Lesja - flott når den er innebygd

Christiania - enkel, men likevel forseggjort

Christiania - blir litt herskapeleg når trappa er breiare nederst

Christiania - detaljar

Sørlandet - dette oser av herskaplegheit

Sørlandet - liker fargane, dei høge sidelistene og detaljane på rekkverket

Trondheim

Ålesund

4 kommentarer:

  1. eg likte den som heite Christiania :)

    SvarSlett
  2. Ja, er fin den:) Va litt artig at trinna stakk litt utanfor på sidene.

    SvarSlett
  3. Jeg etterlyser trappen 'Bergen'?! ;-)

    Jeg likte og Christiania best, med Sørlandet som en god nr to. Er enig med deg i at de andre trappene ikke helt gjorde det. De passer bedre i et lite rekkehus eller noe. Ikke at det er noe i veien med rekkehus altså!
    :-D

    SvarSlett
  4. Hehe.. nei, rekkehus er heilt flott det:) Takk for innspelet! Håper berre at det går an å få endra på trappeleverandør utan altfor store kostnader..

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...