fredag 1. juli 2011

Listverk

Planen er å gjere ein god del sjølv i huset. Legge tregolv i heile huset, flislegge, sparkle, male og tapetsere. I tillegg skal vi liste heile huset sjølvsagt. Magne kjøpte sag for over eit år sidan, så han er spennklar..hehe. Vi he sjølvsagt lyst på listverk som står til husstilen, men det kan bli fole dyrt og mykje arbeid. Eg kom over ein type listverk som verka lett og montere og kanskje blir litt billigare. Orac decor er ein Belgisk produsent og har alt frå taklister, golvlister, panel til takrosetter. Er ikkje heilt sikker på kva materiale dei er laga av, så hadde vore kjekt å sett listverket i verkelegheita. På internett ser det svært bra ut iallefall!!






  


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...