onsdag 23. november 2011
Støypt inngangspartiet
Forrige veke fekk vi endeleg støypt grunnmuren til innganspartiet. Nordal har sagt han ikkje kunne begynne i huset igjen, før det var klart til å setje opp bislaget. Så no er det klart!! Berre å komme;) Vi gleda oss til å få opp bislaget og resten av panelet! Blir spennande å endelig få sjå korleis det blir. Hadde nok gjort seg med ei finare dør også, men den skal ikkje inn før snekkarane er ferdig å rote.
Grunning av rekkverk
Heile familien hjalp til når rekkverket skulle grunnast for eit par veke sidan. Det var ein flott haustdag med strålande sol. Vi fekk ferdig alt rekkverket!! No er det berre utskjæringane til møna som ikkje er grunna ferdig, men Magne er godt i gang:)
torsdag 17. november 2011
Opparbeiding av tomta
Sjølv om det ikkje har skjedd mykje spennande inne, så har det derimot skjedd ein del ute:) Vi har fått flytta veien vår og dermed fått plass til å støype inngangspartiet, og vi har fått vekk haugane med jord og søle. Vi har også fått gjort klart til parkeringsplass og garage, men det blir nok ei stond til vi har råd til ei garage!
| Her kjem eit bislag på 1,8 x 2,4 meter |
| Nedkjørselen er flytta |
| Borte i hjørnet er det plass til garage (om ca 10 år..) |
| Fine nye veien vår |
| Hagen er IKKJE ferdig altså! |
| Kva skulle vi gjort utan Chriss-Ole! |
| Ser litt finare ut no |
Alt går i sneglefart..
Ingenting har skjedd inne i huset sidan begynnelsen av oktober, men her er iallefall nokre bilder inne frå 1.etg etter inndelinga. Gløymte å legge dei ut i oktober. Er litt vanskeleg å sjå skikkeleg enda.
| Står i kjøkkenet og ser inn på stova, vinkelstove. |
| Står i stova og ser inn på kontor/ gjesterommet |
| Står på kjøkkenet og ser mot gangen, bad og vaskerom |
tirsdag 11. oktober 2011
Inndeling 2. etasje
I dag har Nordal begynt å dele inn romma i 2. etasje. På badet er det lagt opp til skrådør ut mot loftstova, og skyvedører inn til walk-in-garderoba og soverommet. Hovudetasja kan han ikkje dele inn før vi har merka røra til vannbåren varme, og det har eg og Magne slete med i kveld. Det viste seg å ikkje være så lett å finne røra med måleapperatet vi lånte. Har tegna inn på ca mål:)
| Tatt frå loftstova mot badet og walk-in-garderoba |
| Tatt frå loftstova mot bod og hovedsoverom i hjørnet |
| Tatt frå loftstova mot soverom 1 |
| Tatt frå loftstova mot soverom 2 i hjørnet og trappa |
| Har laga hol til trappa |
søndag 9. oktober 2011
lørdag 1. oktober 2011
Hus i solnedgang
I dag tok snekkarane ned mesteparten av stilaset rundt huset, og då fekk vi tatt fine bilder av huset i sola. Neste veke blir vi utan snekkar, for dei har eit anna oppdrag. Sidan stilaset er fjerna får vi kanskje flytta veien vår neste helg:) Baksida på huset ser litt snålt ut foreløpig, men så snart veien er flytta får vi støype og setje opp bislaget.
torsdag 29. september 2011
Blondelister og takrenner
| Ferdig pynta vindu:) |
| Vakker blondelist med stjerner |
| Høgdeforskjellen på vindauga er planlagt! |
| Gjennomført! |
| Fint med kvite takrenner |
Etiketter:
Detaljer,
Husbygging,
Sveitserstil,
Vindu og dører
mandag 26. september 2011
Vindusinnramming
Taket er so og seie ferdig ser det ut som. Nordal har fått opp taksteinane på toppen av taket i dag, og vannbrett på toppen av vindskeiene.
I dag har dei også begynt med å ramme inn vindauga:) Det blir berre lekkert!!
| Deler av vindusinnramminga på plass |
| Vinduslister |
| Tannbord og knekter |
Etiketter:
Detaljer,
Husbygging,
Sveitserstil,
Vindu og dører
torsdag 22. september 2011
Takstein
I går begynte Nordal med taket vårt. Det er ru, skifergrå takstein frå Skarpnes. Dobbelkrum. No har dei berre igjen taket på arka nedover:) Det regna bittelitt når eg tok bilda i dag, så dei er kanskje ikkje så utruleg gode. Taket var ikkje heilt slik eg hadde sett for meg, men syns det blei meeget bra likevel:)
Ka dokke syns? Kom gjerne med tilbakemelding:)
No manglar berre ytterpanelet på oppsida, men det får vi ikkje på plass enda. Fyrst må veien flyttast, inngangspartiet støypast, bislaget setjast opp og så kan Nordal gjere ferdig panelet:) Det er ikkje plass til nedkøyrselen vår rett bak huset, så den skal flyttast eit godt stykke utover. Garasje kjem ein vakker dag i framtida, når vi vinn i lotto;)
Abonner på:
Innlegg (Atom)
