torsdag 22. september 2011

Takstein


I går begynte Nordal med taket vårt. Det er ru, skifergrå takstein frå Skarpnes. Dobbelkrum. No har dei berre igjen taket på arka nedover:) Det regna bittelitt når eg tok bilda i dag, så dei er kanskje ikkje så utruleg gode. Taket var ikkje heilt slik eg hadde sett for meg, men syns det blei meeget bra likevel:)

Ka dokke syns? Kom gjerne med tilbakemelding:)











No manglar berre ytterpanelet på oppsida, men det får vi ikkje på plass enda. Fyrst må veien flyttast, inngangspartiet støypast, bislaget setjast opp og så kan Nordal gjere ferdig panelet:) Det er ikkje plass til nedkøyrselen vår rett bak huset, så den skal flyttast eit godt stykke utover. Garasje kjem ein vakker dag i framtida, når vi vinn i lotto;)

2 kommentarer:

  1. Det blei kjempestilig!! Veldig spesiell takstein, trur ikkje ej he sett den før.

    SvarSlett
  2. Syns du? Takk!!:) Det vart kanskje litt spraglete, men trur det vil roe seg litt etterkvart. Takk for at du kjem med tilbakemeldinga:)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...