No har eg hatt ein lat søndag så langt, så då kan eg like godt blogge litt før eg begynner å rydde oppe på kontoret/ hobbyrommet. Skal på bursdagsbesøk også i dag, til bestemora mi:)
Som dokke kanskje har forstått så har eg ein forkjærlighet for gamle møblar, og eg er ikkje verre på det enn at eg har ordna med gamle sengemøblar også. Mormor og besten på Stranda hadde ståande både seng, sminkebord og eit skap som passa perfekt inn på vårt soverom. Møblane har veldig spesiell farge og mønster. Eg tenkte fyrst å male det kvitt, men likar møblane eigentleg veldig godt slik dei er.
På gjesterommet i fyrste etasje har eg også fått på plass gamle sengemøblar. Desse har bestefar laga i si tid, og fargen er berre nydelig syns eg. Eg har alltid tenkt at desse møblane har eg fryktelig lyst på når eg blir stor, og jammen gjekk det slik:)