mandag 25. juni 2012

Jaudå! Det skjer, det skjer..

Det er vanskeleg å få tid til blogging for tida. Det går i eitt med jobb og hus. Forrige helg var vi ein tur heim til Stranda, og då henta vi med oss masse gamle møbler og ting. Sidan møblane er ganske gamle og nedstøva så blei det litt banking og støvesuging før vi kunne ta dei med inn. Skikkelige biler av møblane kjem ein annan gong:)






Forrige veke kom endeleg kjøkenet vårt frå Espe Trevarer. Eg var kjempespent, men det var veldig vanskelig å forsetille seg korleis det egentleg såg ut ferdig oppsatt. Det kom i modular, men vi må setje saman kjølehjørnet og høvle til soklane (pga skeivt golv) før vi kan begynne å setje det opp. Har litt av ein jobb foran oss trur eg..











På onsdag kjem ein kar og skal flislegge badet vårt i fyrste etasja, så i går kveld og i dag har eg smørt på membran på golvet (veggane har vi tatt tidlegare). Må opp igjen tidleg i morgo(før jobb) å ta eit strøk til med membran, for at det skal tørke til flislegginga onsdag..phu! Sliten no!!








tirsdag 12. juni 2012

Helga som gjekk

I helga hadde vi stoore planer! Vi skulle legge ferdig golvet, sette inn innerdører, støype golv på badet og tapetsere. Fredagen kom og dørene og resten av golvet vi hadde bestilt (og som vi hadde fått lovnad om at skulle kome til helga) kom ikkje likevel. Vi hadde eit håp om at dei skulle dukke opp på lørdagen, men neeida! Då var det berre å sette igang foreldra mine til å tapetsere mens eg fekk opplæring i å koble stikkontakter. Magne kom godt igang med sikringsskapet.


Sikringsskapet sett frå walk-in

Magne har fått inn alle røra i sikringsskapet

Planlegging

Gøy å koble

Ekstra flate kontakter gjer seg

Først blå, så brun, svart og kvit. Gul/grøn er jording:) 

Takpunkta våre, med krok i

Tapetane har endelig komt opp, og den eine finare enn den andre:) Mangler berre tapeten på hovudsoverommet. Alle tapetane er frå Borås. Er kjempefornøgd, men blir nok enda betre når listverk og møbler kjem på plass. Litt dårlege bilder, men ein får eit inntrykk.


Soverom - Falsterbo 1435


Stova - Falsterbo 1422

Gjesterom - Falsterbo 1426

Kontor/soverom - Karslund 2931
Kjøkken - Karlslund 2930


No kan vi snart legge membran på badegolvet i hovudetasja. Det har vore litt styr med dusjveggen, plassering av doen, riktig fall på golver osv, men no ser det ut til å ordne seg. Over dusjveggen skal det være glasvegg.

Dusjvegg av litexplater

Her kjem do med høgthengande sisterne



tirsdag 5. juni 2012

Innerdører bestilt

No har vi endelig makka oss til å bestille innerdører. Har vore litt fram og tilbake om vi skulle ha formpressa eller massive dører, men kom til slutt fram til massive. Tenkte at når vi fyrst har lagt ekte tregolv, bestilt altfor dyrt kjøken så kan vi like godt ha "ekte" dører også:) Har bestilt dører hos Harmonie, og dei kjem forhåpentligvis før helga.

Døra Harald


Då gjenstår det å bestemme dørhandtak. Det finst utrulig mange fine handtak i sveitserstil. Til innerdørene tenkjer eg kromfarga handtak med svart porselen, men tek gjerne imot innspel:)

R. Bergersen AS

Hjem og villa


Til ytterdøra har eg ikkje tenkt så mykje enda, men syntest desse to eksemplara var veldig fine. Begge er frå Hveding AS.




Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...