søndag 21. oktober 2012

Sengemøblar


No har eg hatt ein lat søndag så langt, så då kan eg like godt blogge litt før eg begynner å rydde oppe på kontoret/ hobbyrommet. Skal på bursdagsbesøk også i dag, til bestemora mi:)

Som dokke kanskje har forstått så har eg ein forkjærlighet for gamle møblar, og eg er ikkje verre på det enn at eg har ordna med gamle sengemøblar også. Mormor og besten på Stranda hadde ståande både seng, sminkebord og eit skap som passa perfekt inn på vårt soverom. Møblane har veldig spesiell farge og mønster. Eg tenkte fyrst å male det kvitt, men likar møblane eigentleg veldig godt slik dei er.








På gjesterommet i fyrste etasje har eg også fått på plass gamle sengemøblar. Desse har bestefar laga i si tid, og fargen er berre nydelig syns eg. Eg har alltid tenkt at desse møblane har eg fryktelig lyst på når eg blir stor, og jammen gjekk det slik:)





lørdag 20. oktober 2012

Utskjæringar på bislaget


I dag fekk vi endeleg utskjæringane til bislaget på plass:) Vi har hatt dei liggande lenga, men entrepenøren kom aldri å fekk dei på plass. Magne tok saka i eigne hender i dag og jammen blei det bra. Det er frest inn monogrammet vårt "AM", og året huset var ferdigstilt "Anno 2012". Vi tenkjer å male bokstavane og tala det ein annan farge etterkvart, slik at det blir tydlegare det som står der.


Bislaget med utskjæringane på plass.

Monogrammet vårt.

Anno 2012.


Fuglerommet


Gjesterommet i andre etasje har fått navnet "Fuglerommet" pga den blå fugletapeten. Eg syns det har blitt kjempekoselig der, og Falsterbo-tapeten frå BoråsTapeter er berre nydelig!!  Det er det einaste rommet i huset som er ferdig lista, utanom badet i fyrste etasje.


Artig stol vi arva frå mormor og besten.

Amerikakoffert. 

Gjestesenga med "Sov godt" puter vi fekk i gåve.

Nattbord kjøpt på loppisbutikk.

Skjønn blå stol. Også arvegods.

torsdag 18. oktober 2012

Stova vår


Stova vår er på langt nær ferdig enda, men vi har prøvd å gjere det litt koselig likevel:) Vi har begynt å få på plass litt lister langs golvet og vi har fått det viktigste (sofa og tv) på plass. Dei fleste møblane vi har er antan arva, kjøpt på loppis eller IKEA. Tenkte egentlig å male ein del møbler (som retro-skapa), men syns egentlig at det er litt koselig med ulike fargar. Utfordringa er liksom å få alle typer møbler og farger til å sjå bra ut ilag. Det er kjempekjekt!

Elska sjeselongane frå IKEA, ilag med arva nattbord:)

Tv-sofa frå IKEA ilag med arva puff, lampe og bilde.

Tv-kroken blei ganske koselig faktisk:)

Retro-skap, IKEA-teppe, arva/loppis-stolar.


Det finaste møbelet vi har i stova er vel senga vår. Den kjem inna Skaret, der svigermor vaks opp. Ho var så snill og gi den til oss:) Med hjelp av ei porolonmadrass som eg klipte til, eit gamalt sengeteppe, masse IKEA-puter og saudeskinn så blei det ein skikkelig kosekrok på stova. Planen er å henge opp ein måneskinslampe med stearinlys i hjørnet over senga. 

Gamal og fin seng.

Kosekrok:)

mandag 15. oktober 2012

Historiske fliser!


Endelig har vi fått rydda og flislagt hallen vår!! Hallen har vore eit skikkelig roterom, som har ødelagt fyrsteinntrykket av huset. Så no har vi rydda alt opp på det uferdige badet i 2.etasje istaden;)





Vi har flislagt golvet med fliser frå historiske.no, og flisene heiter "Liten norsk stjerne". Det er ein del ekstraarbeid med å legge og impregnere dei, men til gjengjeld ser dei utruleg flotte ut og varer visst i fleire hundre år! Vi er ikkje ferdige å impregnere og fuge enda, men vi er kjempefornøgd med valg av fliser!!!       






På tide med ei oppdatering?


Etter ein laaang pause frå blogginga er eg tilbake:) Lysta til å blogge har vore fråværande i det siste, men håper det tek seg litt opp no når ting begynner å kome meir på plass.

Eg får begynne med kjøkenet, som er so og seie ferdig. Etter mykje om og men, og litt fram og tilbake har nesten alle skapdører, bankplater (som måtte limast på nytt) og lister kome på plass. I haustferien prøvde eg meg på "ting eg ikkje kan". Eg tok skeia i eiga hand og flisla over kjøkenbenken. Ved hjelp av fliskryss, flissnor, vanleg vater og laservater blei det meeeget beint og fint om eg får seie det sjølv. Var egentlig ganske artig:) Eg har ikkje fått fuga enda, og valget står mellom lys grå fuge og grå fuge. Kva trur dokke? Syns mursteinsmønsteret var så fint at eg vil det skal vise..





Her kjem litt fleire bilder av kjøkenet, eller allromet. Det er utruleg deilig at ting begynner å kome på plass.






Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...