fredag 15. juli 2011

Grunning

I sommar har vi nok å gjere i forbindelse med huset, så vi skal ikkje kjede oss iallefall:) Vi må blant anna grunne og male all pynten frå EKS. Dette begynte vi såvidt med i går. Fant fort ut at oljegrunning bør brukast ute i frisk luft ja!!! Vi bruker Gjøco oljegrunning, sidan det er det dei har på Nystøl og Fagerhol (lokal forhandlar).

I gang med å grunne taksperrene

Magne laga flotte bukkar av restmateriale

tirsdag 12. juli 2011

Vindauga har kome

I formiddag kom vindauga våre. Dei var ganske tunge, og vi fekk heldigvis hjelp av onkel Lasse og Inge. Naboen måtte også trå til for å bære inn vindauga til glasverandaen. No håpe vi berre at dei får stå trygt fram til dei skal på plass:)


Vindu ved inngangsdør og på balkongen


Vindu til glasverandaen

Veggpanel

Vi skal ha "jukse"panel i so og seie heile huset, med unntak av litt tapet. Vi har i utgangspunktet skreve på kontrakta at vi skal ha Huntonit panelplater type Perle. Alle platene skal være kvite.

Dilemmaet er at eg ynskjer å ha smale bord (noko eg meinar passer best til stilen på huset), og borda på Perle er ganske breie. Panel-"jungelen" på internett er nesten umogleg og finne ut av. Det er dårlege bilete og vanskeleg å finne fram syns eg. Og så greier eg ikkje bestemme om vi skal ha glatte eller kostemalte plater heller. Der vi bor no er det Fas 8 bord, og dei ser ganske bra ut syns eg.

Kva skal vi velge?? Greier du å sjå kven av panela som er finast på bilda? Vil dokke anbefale noko anna enn Huntonit?

Huntonit - Perle 5 bord
Huntonit - Fas 8 bord

Trapp

I kontrakta vår står det at vi skal ha trapp frå Stryntrappa, men eg finn ingen trapp eg lika der!! Einaste som kunne være aktuell er Harmoni eller Symfoni, men føler trappene er for enkle og at det manglar spesielle detaljar.

Harmoni

Symfoni

Sidan vi skal ha ein ganske stor hall med historiske fliser og panel på veggane, så ynskjer eg også at trappa skal passe inn i stilen. Eg fant ein del flotte trapper på Trapperingen. Prisen er sikkert mykje stivare, men der har trappene litt meir detaljar og sjel føler eg. Eg likar at rekkverket går i bue oppover, at rekkverkborda er litt spesielle, at trappetrinna blir breiare nederst, at trinna er tette, at det er litt snirklar og spesielle detaljar og gjerne innebygd trapp. Eg ynskjer at det skal sjå ut som om trappa høyrer til huset og er bygd på plassen;)

Noken som har eit innspel?? 

Lesja - liker fargane, rekkverket og det at den passar godt inn
Lesja - flott når den er innebygd

Christiania - enkel, men likevel forseggjort

Christiania - blir litt herskapeleg når trappa er breiare nederst

Christiania - detaljar

Sørlandet - dette oser av herskaplegheit

Sørlandet - liker fargane, dei høge sidelistene og detaljane på rekkverket

Trondheim

Ålesund

torsdag 7. juli 2011

Huset er tett

I dag rakk vi å få tett huset før det begynte å regne for fullt:) Vi veit ikkje om det blir gjort så mykje meir på huset før Nordal skal ha ferie, for dei jobba parallelt med eit hus i Syvde. Håper sjølvsagt at mest mogleg vert gjort før neste veke er omme. Vi skal iallefall begynne å grunne og male all pynten som blei levert frå EKS i går. Gleda meg til det!!! Noken som har lyst å hjelpe til eller?;)



 

 





Ytterdøra

I dag kom ytterdøra til huset vårt:) Den var godt innpakka, men vi kunne sjå at den var steikje fin og hadde heilt riktig farge!! Jippi! På bilde er fargen heeeilt feil, men legg no ut eit bilde likevel eg:)

onsdag 6. juli 2011

Vegg, tak og leveranse

No har vi fått på plater på veggane i 2. etasje, og dei har begynt å dekke taket.







I dag kom også fyrste leverande frå firmaet EKS, som har teikna huset vårt og skal levere all pynt (vinuslister, spir, rekkverk, mønepynt osv). Vi fekk hjelp å laste det inn i huset av kjekke folk som Inge, Jørgen, Ole, Jon Ove, Sindre og Reidun:)


tirsdag 5. juli 2011

Ny dag, nye muligheter! (snart tom for overskrifter no)

I dag har vi fått opp vegg mot vest i 2. etasje, takbjelkar på påbygget og takbjelkar på arka. Nordal skal jobbe med huset fram til 15 juli, då tek dei ferie i 4 veker. Planen er då at huset skal være tett innen dei tek ferie:)

Svigers på snarvisitt i huset


Påbygget med skråtak



mandag 4. juli 2011

Husbilder på laupande band..

Ferdig med golvet i 2. etasjen no, fått på toppane på takstolane og begynt på arka utover:) Det gjeng rykande fort! Håper ingen blir lei av alle bilda..hehe. Eg blir det ikkje!

Golvet på plass!
Dette vert ei vakker loftstove. Det blir høgt under taket.
Balkongen med vakker utsikt:)
 


søndag 3. juli 2011

Oversiktsbilde

2. etasjen

Fredag fekk vi på plass halve golvet i 2. etasjen, og veggen mot aust blei satt opp. Vi måtte sjølvsagt klatre opp for å sjekke ut 2. etasjen.



Her kjem loftstua med balkong utanfor

Magne er fornøgd!

Badet vårt! Her skal eg sitte i badekaret og nyte utsikta ned mot Fiskå;)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...