søndag 18. desember 2011

Vi er i igang igjen!

Nordal bygg har hatt ein lang pause i huset, men no er han endeleg tilbake for fullt:) Han har fått opp bislaget foran inngangen til huset, lagt inn alle rør til ventilasjonssystemet og sentralstøvesugaren. No på torsdag begynte han med isolering av veggane også. Det lova godt framover:)


















Utskjæringar til møna

Magne har vore flink å grunna alle utskjæringane. Det var visst ikkje så lett å få det fint. Han snekra saman ei kasse som han dyppa utskjæringne i, og gjekk over med malerkost etterpå. Resultatet blei kjempebra!





Vi har fått opp pynt på eine sida ta huset. Det er nesten umogleg å få tatt gode bilder av huset no for tida. Enten er det for mørkt eller så snøva det det tett!!



lørdag 3. desember 2011

Julelys





Det var så mørkt og trist oppe i huset, så i dag hengte vi opp eit par julestjerner. Det blei riktig koselig:)


Published with Blogger-droid v1.7.4

onsdag 23. november 2011

Støypt inngangspartiet


Forrige veke fekk vi endeleg støypt grunnmuren til innganspartiet. Nordal har sagt han ikkje kunne begynne i huset igjen, før det var klart til å setje opp bislaget. Så no er det klart!! Berre å komme;) Vi gleda oss til å få opp bislaget og resten av panelet! Blir spennande å endelig få sjå korleis det blir. Hadde nok gjort seg med ei finare dør også, men den skal ikkje inn før snekkarane er ferdig å rote.





Grunning av rekkverk


Heile familien hjalp til når rekkverket skulle grunnast for eit par veke sidan. Det var ein flott haustdag med strålande sol. Vi fekk ferdig alt rekkverket!! No er det berre utskjæringane til møna som ikkje er grunna ferdig, men Magne er godt i gang:)





torsdag 17. november 2011

Opparbeiding av tomta


Sjølv om det ikkje har skjedd mykje spennande inne, så har det derimot skjedd ein del ute:) Vi har fått flytta veien vår og dermed fått plass til å støype inngangspartiet, og vi har fått vekk haugane med jord og søle. Vi har også fått gjort klart til parkeringsplass og garage, men det blir nok ei stond til vi har råd til ei garage!


Her kjem eit bislag på 1,8 x 2,4 meter

Nedkjørselen er flytta

Borte i hjørnet er det plass til garage (om ca 10 år..)

Fine nye veien vår

Hagen er IKKJE ferdig altså!
Kva skulle vi gjort utan Chriss-Ole!

Ser litt finare ut no

Alt går i sneglefart..

Ingenting har skjedd inne i huset sidan begynnelsen av oktober, men her er iallefall nokre bilder inne frå 1.etg etter inndelinga. Gløymte å legge dei ut i oktober. Er litt vanskeleg å sjå skikkeleg enda.

Står i kjøkkenet og ser inn på stova, vinkelstove.

Står i stova og ser inn på kontor/ gjesterommet

Står på kjøkkenet og ser mot gangen, bad og vaskerom

tirsdag 11. oktober 2011

Inndeling 2. etasje

I dag har Nordal begynt å dele inn romma i 2. etasje. På badet er det lagt opp til skrådør ut mot loftstova, og skyvedører inn til walk-in-garderoba og soverommet. Hovudetasja kan han ikkje dele inn før vi har merka røra til vannbåren varme, og det har eg og Magne slete med i kveld. Det viste seg å ikkje være så lett å finne røra med måleapperatet vi lånte. Har tegna inn på ca mål:)

Tatt frå loftstova mot badet og walk-in-garderoba

Tatt frå loftstova mot bod og hovedsoverom i hjørnet 

Tatt frå loftstova mot soverom 1

Tatt frå loftstova mot soverom 2 i hjørnet og trappa

Har laga hol til trappa

søndag 9. oktober 2011

Stemningsbilder


Bileta er tatt frå småbåthavna.



lørdag 1. oktober 2011

Hus i solnedgang


I dag tok snekkarane ned mesteparten av stilaset rundt huset, og då fekk vi tatt fine bilder av huset i sola. Neste veke blir vi utan snekkar, for dei har eit anna oppdrag. Sidan stilaset er fjerna får vi kanskje flytta veien vår neste helg:) Baksida på huset ser litt snålt ut foreløpig, men så snart veien er flytta får vi støype og setje opp bislaget.










Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...