I går begynte Nordal med taket vårt. Det er ru, skifergrå takstein frå
Skarpnes. Dobbelkrum. No har dei berre igjen taket på arka nedover:) Det regna bittelitt når eg tok bilda i dag, så dei er kanskje ikkje så utruleg gode. Taket var ikkje heilt slik eg hadde sett for meg, men syns det blei meeget bra likevel:)
Ka dokke syns? Kom gjerne med tilbakemelding:)
No manglar berre ytterpanelet på oppsida, men det får vi ikkje på plass enda. Fyrst må veien flyttast, inngangspartiet støypast, bislaget setjast opp og så kan Nordal gjere ferdig panelet:) Det er ikkje plass til nedkøyrselen vår rett bak huset, så den skal flyttast eit godt stykke utover. Garasje kjem ein vakker dag i framtida, når vi vinn i lotto;)