fredag 27. mai 2011

Kontrakter og flytting

I går skreiv vi under på både lånekontrakt i Sparebanken og vi skreiv under byggekontrakt med Nordal Bygg. No er det ingen vei tilbake:) No er det berre å køyre på!! Vi kjem aldri til å ha råd til det vi vil lenger...men steike for eit bra hus vi kjem til å få! I helga blir det jobbing i tomta igjen, og håper at støyping av plate skjer innen dei to neste vekene. Blir visst til at vi skal støype plata før Nordal byrgjer å byggje. Ber om opphaldsvèr!!

I helga håper vi også å flytte inn i ny leilighet:) Det blir hærlig! Eg skal aldri meir bo i ein kjeller. Så flott at vi skal ha eit hus utan kjeller då;) Skal legge ut nokre bilder av leiligheta når vi har komt litt på plass.

onsdag 25. mai 2011

Ups!

Det har går visst ikkje heilt som planlagt.. Det vil ikkje stoppe å regne og blåse, så vi får ikkje gjort ferdig og støypt plata i næraste framtid. Planen er at Nordal bygg skal byrje med huset no i slutten av mai, men det ser stygt ut. Løysinga kan bli at Nordal berre byrjar å byggje, og så gjer vi ferdig plata etter at det har blitt tett. Meen.. då må vi likevel støype fundament til bæreveggen før dei kan byrje, og det er ikkje berre lett det heller. Ting skal jaggu meg ikkje gå slik ein planlegg. Gud forby!

Fortsetjing fylgjer.....

mandag 23. mai 2011

Meir kjøkken:)

Er veldig glad for at vi har valgt å legge litt i kjøkkenet. Det blir tross alt hjertet i huset vårt! Har brukt litt tid og energi på å tenkte ut korleis vi vil ha det. Ville fyrst ha minst mogleg overskap og mykje luft, men etter mykje prøving og feiling blei det faktisk ein del overskap. Vi kunne hatt kjøkken på alle veggane, men valgte å ha igjen litt vegg til eit framskap eller liknande. Spisebordet skal ikkje stå slik det er plassert på bilda, og det skal være ei sittegruppe i glasverandaen. Kjøkkenøya blir diger! Vi ynskjer at benkplata skal stikke litt utanom , slik at vi kan ha muligheit til sitjeplassar på enden av øya.








fredag 20. mai 2011

Radonsperre og isolasjon!

Vi er i full gang med å gjere klar grunnmuren til støyping, men ting tar tid! Vi kom igang forrig helg med å legge isolasjon og deler av radonsperra. Vi har ikkje fått gjort så mykje denne veka pga 17 mai og dårleg vèr. Kenneth derimot har fått gjort ein del den her veka, og han holdt på heile 16 mai med å plane ut deler av tomta rundt huset. Vi var så heldig å få gratis masse frå kjekke naboar med store haugar utanfor huset sitt:) Sånt lika vi!

Denne helga håper vi å komme eit godt stykke vidare, og foreldra mine kjem nok ein gong for å trå til!!:) Eg derimot, som siste utvei på jobben denne helga, må berre troppe opp på vakt:( Meeget kjipt må eg seie, sidan eg ikkje fekk hjelpe til forrige helg heller!!

Gleeda meg til vi kan overlate det til Nordal bygg, og berre sitte å sjå på korleis huset reiser seg!!!!





Vaskerommet

Har glømt å legge ut bilder av vaskerommet vi har fått teikna med Sigdal. Tenkte, når vi først er i gang og brukar mykje penga, at vi like godt kunne få teikna ei grei løsning på vaskerommet. Det blir ei heilt enkel kvit innredning. Vi skal ha integrert fryseskap, sidan vi ikkje får plass til frys på kjøkkenet. Varmtvannstank og skap til vannbåren varme i eine hjørnet. I benken skal vi blant anna ha sorteringssystem til skittenkle. I taket over vaskemaskin og tørketrommel skal vi ha tørkesystem frå interiørdetalj.no (sjå nederste bilde). Mellom varmtvannstank og skap skal vi ha ei stang til å henge skjorter og ting som skal strykast. Valgte å ha eit litt åpent rom foran vinduet. Greit med litt plass om ein skulle trenge det:) Noko eg har glømt eller ikkje tenkt på??



Inngangspartiet

I dag fekk vi forslag til løysing på monogram og årstal på inngangspartiet/bislaget. Det er brukt monogramet vi hadde til bryllupet vårt:)  Eg syns det vart tøft! Det blir gravert inn i utskjæringane, og ev. malt med gullfarge.  Ka dokke trur, ser det bra ut? Kom gjerne med idear og forslag!


lørdag 14. mai 2011

Fargevalget er klart


Vi greidde tilslutt å ta eit valg angåande dørfarge. Vi endte opp med ein lekker blåfarge, etter god hjelp frå venner og familie:) Av dørfargane eg la ut på bloggen likte vi best den blå døra, men sidan blåfargen var manipulert måte vi finne ein liknande farge. Vi endte opp med fargen: S 2040 R80B. Den er ein del lysare, men vi har testa den i verklegheita, og den var veldig fin!


Den lyseblå fargen ser kanskje litt spesiell ut på data, og den ser ikkje ut å passe like godt til flisene som fargen på døra, men eg trur det kjem til å bli meget bra! Under er alternativa til fliser som vi skal ha i hallen, og dei har eg funne på historiske fliser. Kven er finast?:)

Marokkansk_bla.jpgLiten-Norsk-stjerne.jpgPortugisisk_bla.jpgFransk-blå.jpg

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...