mandag 9. august 2010

Innreiing i 3D

Ved hjelp av eit program som heite Viseno 3D innredning har eg fått innreia heile huset vårt i 3D. Kjempeenkelt og morsomt program, og ikkje minst heilt gratis:) Programmet ligg på viseno.no. Om nokon vil kike inn på det eg har gjort kan du fylgje denne lenka. Her har eg tatt bilder av romma, slik at ein lettare får eit inntrykk av korleis det blir sjåande ut. Vi skal sjølvsagt ikkje ha akkurat dei møblane eg har brukt her nødvendigvis, men plasseringa er slik eg kan tenke meg det.

Siste og forhåpentlegvis siste utkast av husteikningane:)

Begynner å bli ganske fornøgd med husteikningane no:) Dette er 4. og forhåpentligvis siste utkast. Har vore mykje fram og tilbake. Arkitekten likte idèen min med walk-in garderobe mellom hovudsoverommet og badet på loftet. Badet blei litt mindre enn eg tenkte, men trur nok at det blir stort nok. Etter ein del tilbakemeldingar og diskusjonar, kom eg også tilslutt fram til at loftstova burde være i tilknytning til balkongen, men det hadde sikkert vore supert å hatt soverommet vårt der også;) Det einaste som kan bli litt domt på loftet er at døra til badet ligg midt i loftstova, men får prøve å innrede slik at det er lett å kome seg forbi alle møblane. Hovudetasja er det berre små endringar på, og eg er fortsatt like fornøgd med løysinga.



Ellers har vi endra litt på fasaden. Eg hadde veldig lyst å få plass til vinduer i andre etasje nedover og oppover, og ved å minke takvinkelen greidde vi å få plass til nokre koselige vindu heilt oppe i mønet. Det slepp inn litt meir lys og gjer at vi kan sjå litt av den vakre utsikta frå badet og eine soverommet også.



I utgangspunktet ville vi ha diamantvindu på sidene i 2 etasje, men fekk arkitekten til å lage eit utkast med andre typer vindu. Personleg syns eg framleis at det kler stilen best med diamantvindu, men vil gjerne høyre kva andre syns om det?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...