fredag 30. april 2010

Nydelig tapet!

I dag he e lagt på sofan å berre lata meg. Då passa det fint at det kom "Vakre hjem" i posten. Fant blant anna dinna nydelige tapeten frå Zoffany, og den hadde absolutt gjort seg på kjøkkenet i nye huset vårt!! Det helde kanskje å ha det på eine veggen? Likte at det var litt antikke, nøytrale farga, men samtidig blå fugla som eg kan ta igjen i innreiinga. Ooo! Gleda me sånn!!

tirsdag 20. april 2010

Første utkast av huset!

Endelig har vi fått gjort noko fornuftig. Ting gjekk litt treigt med oss, men i mars var vi på besøk med ei god venninde i Moss, og ho råda oss til å stikke innom EKS design i Askim. I veska mi hadde eg tilfeldigvis med egne skisser av fasade og planløsningar, og EKS tok jobben med å teikne huset. Rett før påske fekk vi tilsendt første utkast, og i dag gav vi en del tilbakemeldingar på ting vi vil endre litt på. Legg ut nokre av bilda, og det hadde vore veldig kjekt med tilbakemeldingar på løsningane:) Vi er stort sett fornøgd, men det er alltid ting en kan forbedre eller ting en ikkje har tenkt på. Får nye teikningar med forbedringar iløpet av denne veka eller i begynnelsen av neste veke.



Fasaden er vel ganske standard egentlig. Det som er litt spesielt er kanskje glasverandaen og påbygget. Påbygget ville eg ha for å få plass til eit soverom i 1 etg, og dermed møte krava til livsløpstandard.

Når det gjeld planløsningane, så er dette noko eg har komt fram til ved å kike på mange ulike ferdighus. Eg har ynskje om eit stort kjøkken/allrom, stort vaskerom og hovudsoverom med tilgang til veranda.


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...