Endelig har vi fått gjort noko fornuftig. Ting gjekk litt treigt med oss, men i mars var vi på besøk med ei god venninde i Moss, og ho råda oss til å stikke innom EKS design i Askim. I veska mi hadde eg tilfeldigvis med egne skisser av fasade og planløsningar, og EKS tok jobben med å teikne huset. Rett før påske fekk vi tilsendt første utkast, og i dag gav vi en del tilbakemeldingar på ting vi vil endre litt på. Legg ut nokre av bilda, og det hadde vore veldig kjekt med tilbakemeldingar på løsningane:) Vi er stort sett fornøgd, men det er alltid ting en kan forbedre eller ting en ikkje har tenkt på. Får nye teikningar med forbedringar iløpet av denne veka eller i begynnelsen av neste veke.
Fasaden er vel ganske standard egentlig. Det som er litt spesielt er kanskje glasverandaen og påbygget. Påbygget ville eg ha for å få plass til eit soverom i 1 etg, og dermed møte krava til livsløpstandard.
Når det gjeld planløsningane, så er dette noko eg har komt fram til ved å kike på mange ulike ferdighus. Eg har ynskje om eit stort kjøkken/allrom, stort vaskerom og hovudsoverom med tilgang til veranda.
Kor spennande !! Tegningane ser veldig bra ut :D
SvarSlettMen ej trur ikkje ej hadde ville hatt soverommet rett innafor glasverandaen. Det e flott å våkne opp til å sånn, men dersom det blir en veranda dokke kjem til å bruke masse. Kanskje får besøk og vil sete ute der osv. så må folk gå igjennom soverommet for å komme dit, istadenfor å gå igjennom ei stue fks.