onsdag 20. januar 2010

Kva skjer med huset?

Joda, ting skjer faktisk. Sakte men sikkert. Vi har kontakta eit firma som heite EKS design as, som spesialisera seg på sveitserhus. Dei teikna sveitserhus og alle detalja/utskjæringa, og dei produsera alt frå vindusramme, mønepynt til rekkverk. Dei har sendt oss litt teikningar og prisoverslag, og det virka faktisk ikkje heilt avskrekkande. Vi får rekne på det og sjå kva vi finn ut. Mykje å tenke på!!

Interiørtrend

Wabi sabi er visst den nye interiørtrenden. Det skal være enkelt, naturlig og uten krav til perfeksjonisme. "Ingenting varer, ingenting er ferdig og ingenting er perfekt". Det går mykje på å ta vare på og resirkulere gamle møbla, men samtidig er det viktig å ikkje ha for mange ting rundt seg. Dinna trenden her kan passe meg godt trur eg. Kan lese meir om trenden her.

torsdag 7. januar 2010

Her går det fole seint framover. Heller litt bakover..

Trudde vi hadde funne huset vi ville ha, men slik var det ikkje. Etter å ha teikne litt om huset for å passe til skråtomt, så var det liksom ikkje same huset lenger. Vi har derfor begynt litt på scratch igjen med å finne huset vi vil ha. Sidan eg har fått heilt dilla på alt som har med sveitserstil å gjere no, så har eg fryktelig lyst å bygge eit meir "riktig" sveitserhus. Magne e med på det meste;)

Har leita og leita på nettet etter hus eg lika, og trur nok det må bli eit arkitektteikna hus(om det ikkje blir uoverkommeleg pris). Vi må kanskje gjenke oss eit par hakk når det gjeld størrelse og standard på huset, men det må være mest mogleg gjennomført syns eg. Glasveranda går eg iallefall ikkje vekk frå. Det skal vi ha!!

Nokre eksempel på flotte hus under. Vil gjerne ha to etager på flattomt(men då kan ikkje huset være for høgt), med glasveranda i nederste etage.



Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...