tirsdag 13. november 2012

Baderomsfliser


I dag har vi bestilt golvfliser til badet i 2 etasje:) Og det var selvfølgelig ikkje eit lett valg!! Vi har vore veldig fram og tilbake på kva vi skal velge. Eg vil gjerne ha det enkelt, men samtidig skal det være veldig spesielt (Bombe!). Veggflisene har vi bestilt for leenge sidan. Det er metrofliser, som vi skal legge i mursteinmønster:)

Metrofliser eller subwayfliser

Eg fant ut at når vi allerede har ein del svart og kvitt ellers i huset, så måtte vi ta igjen stilen på badet oppe også. Valget falt difor på svarte og kvite Ottagonafliser frå dekora.se. Dei ser kjempelekre ut på biletet. Håper berre dei er like fine i verkelegheita;)


Ottagona


Flisleggarane kjem heldigvis ikkje før i slutten av november, men vi har nok å henge fingrane i. Vi har enda ikkje komt skikkelig igang med å legge membran, og ikkje bestemt oss for noko baderomsinnredning...hjelp!

Ha ei god natt folkens:)


lørdag 3. november 2012

Dagen i dag..

I dag har vi komt igang med badet vårt i 2 etasja..endelig!! Vi må ha badet ferdig til jul, for då kjem heile familien min på besøk. Vi la varmekablane sjølv, men leigde nokon til å støype golvet. Resultatet kan du sjå under. I morgon skal eg begynne å legge membran på veggane, og det haster med å få bestilt golvfliser, baderomsinnredning og dør. Badet MÅ være klart for flislegging om to veker...phu!!




Badet har til no vore brukt som ei stor bod, og vi brukte ein heil kveld på å rydde unna alt rotet. Sidan vi då ikkje hadde nokon plass å gjere av alt som stod på badet, måtte vi ty til kontoret og gjesterommet vårt. Huff og huff, kor skal vi gjere av alt saman?



Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...