onsdag 2. desember 2009

Kjøkkenartikler

Kan nesten ikkje vente til vi er ferdig med huset og kan begynne å handle inn saker og ting eg har hatt lyst på leeenge. Aldeles ikkje sikkert vi får råd første 10 åra, men en må no kunne drøyme;)



Dissa lekre kjøkkenmaskinene er fra kitchenaid.no. Dei finst i alle mulige farga, men lika best creme farga trur e. Må berre lære meg å lage mat no..

Eg har allerede begynt å samle på kjøkkenutstyr frå Nigella Lawson. Det er kjempelekkert, har den nostalgiske stilen og er samtidig veldig praktisk. Bilda under er henta frå r8.no


Desse redskapa kjøpte eg i fjor. Dei er cremefarga og i emaljert stål.


Brødboksen er praktisk med skjærefjøl som lokk. Bollane er fine å sette fram på bordet som skåler og er praktiske når ein skal røre sammen deig og helle med.

søndag 29. november 2009

Baderomsinnredning



Det e soo mykje lekkert å finne ta baderomsinnredning. Tenkjer ikkje å leggje frykteleg mykje penga i badet vårt, men heller bruke gamle møbler på nye måter og bruke blanding av fliser og panel. Men eit must er badekar med løveføte:) Lika veldig godt sjakkmønster på golvet, men trur Magne må bearbeidast litt akkurat på det punktet.




Dei små detaljane tel sjølvsagt på badet også. Nostalgiske kraner både i dusjen, på badekaret og på vasken må til. Tenker også litt på toalett med høgthengande cisterne...*tenke*. Bilda under er frå little-england.no.


lørdag 28. november 2009

Varmekilde

Som varmekilde i huset vårt har vi tenkt litt på vannbåren varme og varmepumpe, men veit ikkje om vannbåren varme er det beste i forhold til at vi skal ha ekte furugolv. Huset vil i utgangspunktet halde godt på varmen pga krava om isolering, og tregolva er i tillegg lune og varme. Eg drømmer også om kakkelovn som varmekilde, både pga at den varmer godt og held lenge på varmen og fordi den passer tidsriktig inn i husstilen. Skal ha den på kjøkkenet(som blir hovudopphaldsrommet). Prisane starter i underkant av 30.00o og går oppover til 50.000. Aktuelle nettsider: kakkelovn.no, cronspisen.eu, kakkelovnsmakeriet.no, alfavarme.no. Lekkert!!


Dører og handtak i sveitserstil

Har leita litt på nettet etter detaljar til sveitserhus. Hadde det vore opp til meg hadde vi brukt antikke dører og håndtak i heile huset vårt, men må nok rekne med å heller kjøpe en del nytt som likna. Har funne eksempel på både dører og handtak på gamletrehus.no og gamletrehus.com. Ein får kjøpt nye handtak i gamal design på bl. anna hjemogvilla.no og byggfabriken.com

Typiske kjenneteikn ved dørene:

• svært vanleg med krysspostdører inne
• rikeleg med profiler på lister
• glas på ytterdører opptil 2/3 deler av dørbladet
• dørene var gjerne meir fargerike enn i empireperioden
• fyllinga i dørene fekk ofte ein lysare farge enn ramtreet
• kantar på stolpar og dørspeil ofte avfasa i 45 grader
• ofte prismeutforming i dørspeil på ytterdører
• dører med "fiskebeinsmønster" forekom også
• betydeleg høgare dører enn i empireperioden



Serieproduksjon av dørhandtak i Noreg kom så smått i gang tidlig i sveitserperioden ca 1850. I 1864 blei Christiania Dørvriderfabrik (CDF) etablert. Bedrifta vert rekna som forløparen til Trio som blei danna i 1902 og registrerte varemerket i 1908.

onsdag 4. november 2009

Glasveranda

Det eg blant anna fall for med huset vi skal bygge var glasverandaen. Her er eit anna eksempel på eit flott sveiterhus med utruleg stilig glasveranda.

Sveitserstilen si historie

Sveitserstilen kom til Noreg i 1840 åra, og hadde si storheitstid fram til 1920 åra. Stilen kom frå sørtyske og sveitsiske alpehus, og egna seg til både arbeidsboligar, stasjonsbygningar, villaer, fjøs og turisthotell. Stilen blei gradvis meir norsk fram mot århundreskiftet. Aldri har ei stilretning funne seg så godt til rette og blitt så godt motteke som sveitserstilen.

Det som kjenneteiknar sveitserhuset er glasverandaer, spisse gavlar, stolpekonstruksjonar og utskjæringar. Huset har fleire etasjer og bratt saltak med store takutstikk. Ein forbinder i dag sveitserstil med kvite hus, men opprinneleg vart husa mala i fleire fargar. For å gjere fasadane meir levende og spennende, blei stolpar, lister og utskjæringar mala i ein mørkare farge.

Det store takutstikket, som har som funksjon å beskytte veggen, er truleg det trekket med sveitserstilen som blei konsekvent gjennomført. Men "prydnad" var også viktig ifølge svenske opplysningsbøker. Dette blir begrunna reint moralsk. "Et ordentlig og prydelig hjem vil ha en oppdragende effekt. En viss dekorativ utsmykking utover det som strengt tatt er nødvendig, vil skape trivsel, og det vil løfte sinnet. Men for mye og unødvendig dekor er uheldig, framfor alt skal dekoren formes i forlengelsen av det rent funksjonelle". Alt i alt er sveitserhusa meir handlaga enn dei ser ut til. Dei er ikkje industriprodukter, men gjennom si utprega rasjonalisme er dei skapt i ånd av industrialismen.

mandag 2. november 2009

Smarte løsninga!

He funne masse smarte løsninga på ny bruk av Ikea møbler, eller også kalt "Ikea-hacking". En idè eg absolutt vil ta i bruk i huset vårt er innebygde Ikea skap. Her kan det være penger å spare, men i tillegg kan det bli veldig fint. Legger inn eit eksempel på det. Bilda er tatt frå ein blogg på nettet lisbethsinlilleverden. Enda meir ideer kan ein finne på "Ikea hacker".



torsdag 29. oktober 2009

Kontakt med arktitekt

I går var vi i kontakt med "arkitekt" for første gong. Vi tok med oss bilder av husa vi har sett på og la dei fram. For øyeblikket er det faktisk sveitserhuset "Svalen" som er mest aktuell. Han meinte at det var eit veldig spesielt hus på den måten at det er ståande panel og mykje bruk av glas. Han meinte at glasverandaen ville bli det dyraste, og at han ville gi oss nokre forslag til endringa. Glasverandaen er ikkje innbygd i stua opprinnelig, men han meinte at det skulle være mogleg å få til. Vi ynskjer også å forandre ein del på romløysingane.

Neste steg no blir å høyre kor mykje egeninnsats det vil bli moglegheit for. Vi ynskjer sjølvsagt å gjere mest mogleg sjølve, som å bygge mur, isolere osv.

lørdag 17. oktober 2009

Kjøkken i fransk landstil

Såg eit kjempetøft skap til kjøkkenet på Riviera Maison. E nok litt vel dyrt for meg, men kan no kanskje finne noko liknande en plass. Kosta vel nærmare 30.000 kr..thihi. "Dream on!" Kan trykke på bilda for å få det større;)

Fått tomta i dag!

I dag fekk vi endeleg brev i posten om bekreftelse på tomta vår. Tomta er 1,234 mål stor, og vi må betale innen 3 mnd. No e det berre å begynne å planlegge for fullt!! Det neste blir å kontakte arkitekt og få ned litt fleire idèa. Spennande!!

søndag 4. oktober 2009

Har endå ikkje fått tomta skriftleg!

Vi fekk tidleg i sommar muntleg bekreftelse på at vi fekk tomta vi ville ha, men har endå ikkje fått det skriftleg. Den som skulle bygge ved sidan av oss, og dele tomta mellom oss, har sagt frå seg tomta. Kommuna seier difor at dei må finne nokon som er villig til å dele tomta med oss, før vi kan få den...hmm. Kanskje skal vi berre kjøpe to tomter? Då blir tomta på 1,6 mål ca, og nesten 300 000. Kan det være en idè?

Vi har også tenkt en del på kva hus vi vil byggje. Vi har vore å kika på ei nybygd "Strandastove", og det virka litt spennande. Då vil eg male heile huset kvitt, og ha gamledagse heller på taket istadenfor torvtak. Finn berre eit bilete av ei Strandastove på nettet, men det står også ei gammal Strandastove på Sunnmøre museum.

tirsdag 7. juli 2009

Har fått tomt:)

Vi har fått bekrefta at vi får tomta vi har sett på i byggefeltet på Fiskå, men har ikkje fått svar på om vi får dele tomta ved sidan av med naboen i tillegg. Visst vi får ei halv tomt til blir størrelsen 1,24 mål. Så vi får berre håpe. Har nesten gitt opp å finne et oppussingsprosjekt, så må nesten berre kjøre på med husbyggeprosjektet no. Må legge ut bilda vi tok frå tomta, og ikkje minst vise utsikta:) Håper utsikta vil vare når andre bygge hus rundt oss også.



onsdag 24. juni 2009

Teikningar av huset










Drøymehuset!

Tenkte eg måtte legge ut bilder av drøymehuset vårt. Det er berre ein drøym foreløpig, for vi har verken tomt eller klarsignal for å bygge det. Vi håper på ei viss tomt i nye byggefeltet på Fiskå, men det kan sjå ut som huset er nesten ein meter for høgt til å bygge der. Er det ikkje typisk. Svogeren min meinte det skulle gå an å forandre litt på huset slik at litt av nederste etasje blir nedgravd på oppsida. Då må vi bytte plass på etasjene. Kan være ei mulig løsning då. Huset har eit boareal på litt over 180 kvm. Begge etasjene har ei full høgde på 2,60 m og der er mørkeloft i tillegg. Huset blir derfor høgt.

tirsdag 23. juni 2009

Teite U-verdi for vinduer og dører!

Sjølvsagt skal det innførast ny U-verdi for vindu og dører no når vi planlegg å bygge hus. Dette gjer det vanskelig eller veldig dyrt å bruke gamledagse vinduer med gjennomgåande sprosser. Vi kan kasnkje unngå det om vi sender inn byggjesøknad før 1. august, men det rekk vi aldri. Eg får vel berre drøyme vidare...

søndag 21. juni 2009

Huset vårt i bya.

Tenkte at eg måtte legge ut litt bilder av rekkehuset vårt i bya. Syns vi he fått det veldig koselig der, så det er nesten litt trist å flytte. Tok berre ei veke å få solgt det.



Oppretting av blogg!

I dag bestemte eg meg for å begynne å kludre litt med ein blogg. Eg og mannen min er no midt i ein flytteprosess, der vi har solgt det koselige lille rekkhuset vårt i Ålesund, og skal flytte tilbake til fødestedet til mannen min og far min. Alt har gått veeeldig fort, og eg tenkte at det kanskje kunne lette prosessen litt ved at eg dokumenterte planer, idèar og bileter underveis. Dette er mest for vår eigen del, men også ein måte for vener og familie å kunne følge med på alt vi styrer med framover. Eg er veldig glad i det nostalgiske og ting med historie og sjel, så derfor har vi(eg) eit sterkt ynskje om å byggje eit hus i gamal stil når vi no skal flytte. Vi har gjort forsøk på å finne eit oppussingsprosjekt, men det har ikkje vore mange gamle, fine hus å ta av. Om nokon veit om et aktuelt hus på Fiskå, så skrik ut;)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...