søndag 4. september 2011

Vindskier, lekting og tetting av balkong


Før helga fekk vi opp vindskier på taket (ref. store norske leksikon: kantbord som avslutter og beskytter taktekkingen i gavlen). Det blei utruleg fint! Taksteinane stikk vanlegvis utanom vinskiene på andre hus, men hos oss vil dei ligge inntil vindskiene. Blir spennande å sjå resultatet!!






Ellers er Nordal godt igang med å lekte veggane på huset. Det blir lekta dobbelt, sidan vi skal ha ståande panel. No kan det ikkje være lenge før panelet kjem opp?! Skulle gjerne hatt oversikt over framdriftsplanen, men vi har ikkje fått istand eit møte med Nordal enda. Kanskje denne veka:)






Og så har dei begynt å tette balkongen vår, så no er det ganske tørt inne i huset. Hærleg!! Dei sei at huset kjem til å tørke ganske kjapt når vi får inn ei vifte. So då rekna vi med at det stemmer:)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...