lørdag 3. november 2012

Dagen i dag..

I dag har vi komt igang med badet vårt i 2 etasja..endelig!! Vi må ha badet ferdig til jul, for då kjem heile familien min på besøk. Vi la varmekablane sjølv, men leigde nokon til å støype golvet. Resultatet kan du sjå under. I morgon skal eg begynne å legge membran på veggane, og det haster med å få bestilt golvfliser, baderomsinnredning og dør. Badet MÅ være klart for flislegging om to veker...phu!!




Badet har til no vore brukt som ei stor bod, og vi brukte ein heil kveld på å rydde unna alt rotet. Sidan vi då ikkje hadde nokon plass å gjere av alt som stod på badet, måtte vi ty til kontoret og gjesterommet vårt. Huff og huff, kor skal vi gjere av alt saman?



3 kommentarer:

  1. Vel, har vel ikkje komt så veldig godt igang med badet enda.. Har såvidt begynt med å legge membran. Kjem nokon å skal flislegge i slutten av månaden. Då kjem det meir bilder:)

    SvarSlett
  2. Ferdig membran. Mandag er det flislegging :)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...