mandag 30. juli 2012

Status

Nei, vi er ikkje ferdige enda;) Vi har uendelig mykje igjen i huset.. eller det føles iallefall slik. Badet i 1. etasja er ikkje ferdig fuga enda (badet i 2. etasja er utsatt på ubestemt tidspunkt), rørlegger kjem på torsdag og skal gjere siste innspurt i huset, gangen er ikkje flislagt, vi har ikkje begynt å liste, brytarar og kontakter mangler, sikringsskapet er halvferdig og det gjenstår litt på kjøkenet enda. Likevel har vi begynt å fylle opp kjøkenet, satt inn diverse møbler og kasser med saker og ting. Vi er rett og slett spennklar til å flytte inn, og kjem nok til å gjere det også før vi er ferdige;) Eg skulle jo ikkje flytte inn før absolutt alt var på plass, men er ein dritlei så er ein dritlei!!

I ferien har vi vore i huset kvar einaste dag, utenom ein tur-retur IKEA Trondheim (dagstur). No vert det iherdig jobbing kvar kveld og helg framover, til vi stuper! Høgdepunkta i sommar var å få på plass trappa og kjøkenet, men gleder oss veldig til å sleppe å køyre heim igjen for å gå på do også;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...