torsdag 5. april 2012

Påskearbeid


I det siste har det vore mykje tenkearbeid og planlegging, og heller lite synleg framgang i huset. Er nok den mest frustrerande tida så langt i husbygginga. Magne har fått platekledd veggane på bada med Wedi-plater iallefall, så dei er klare for membran og flislegging. Badegolva er ikkje klar for flislegging enda pga at vi må støype heile golvet i 2. etg og finstøype litt i 1.etg.

Badet i 1. etasje

Badet i 2. etasje

Ellers har vi gått å venta lenge på hjelp til flislegging av vaskerommet, og endeleg kom påska med snille foreldre med arbeidslyst. Det var med godt mot vi tok tak i flislegging av golvet på vaskerommet, men det skulle vise seg å være ei viss utfording i å legge sjakkmønster med fliser som ikkje var like store. Fyrste dgn gjekk med på å prøve og feile, diskutere og teikne mønster. Vi håper å få ferdig golvet iløpet av dagen i dag:)..eller i morgo..

Diskusjon på gang

Dei svarte flisene var 1 mm mindre enn dei kvite

Ser bra ut så langt:)


 Vi har også fått testa ut balkongen i påska:) Det var nokre hærlige timar i sola, med hyggeleg selskap.

Kosa oss i solveggen

Påskestemning!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...