onsdag 22. februar 2012

Ikkje berre berre å bygge hus..

No kjenner eg at eg er ganske så lei og sliten av husbygging for øyeblikket. Alt går så fort og eg greier ikkje å ha kontroll over alt som skjer. Må berre få ut litt frustrasjon!! Det er heile tida fullt av sagstøv i huset, og det legg seg overalt - inne i veggane (i isolasjonen) og ikkje minst i ventilasjonssystemet (fordi røra ikkje er dekt til). Snekkaren seier at det ikkje har nokon ting å seie, men likevel så irriterar det meg. Eg har heller ikkje kontroll på det elektriske i veggar og tak, og er frustrert over at vi har måtte gjort det i eit "møneføk". Ting blir sikkert kjempebra til slutt, men greier likevel ikkje å unngå frustrasjon over småting.

Sånn!! Då var vi ferdig med det:)

2 kommentarer:

  1. kan "trøste" deg med at byggestøv kjem.du til å finne i årevis framover, det legg seg overalt.
    Nærma seg slutten no!

    SvarSlett
  2. Takk skal du ha for forsøket på "trøst";) Nærmas seg no ja, men er nok bittelitt å styre med endå. Kryssa fingrane for at vi er inne iløpet av mai...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...