fredag 11. februar 2011

Kjøkken

Spørsmålet er vel kor mykje vi skal legge i kjøkenet?

Det beste hadde sjølvsagt vore eit spesiallaga kjøken frå Kvänum. Passer perfekt til huset og stilen syns eg. Dei er berre såå fine!!



Men vi må vel tenkje realistisk, og eg har teikna utkast til kjøken på IKEA kjøkkenplanlegger. Brukte typen Ädel i kvit. Likar godt fleire av deira kjøken også, men det er liksom alle som har eit kjøken frå IKEA no. Vi får sjå kor mykje vi har å rutte med når det nærma seg. Tenkte å stikke ein tur innom Kvänum i Bergen, når vi likevel skal ned ein tur iløpet av nærmaste mnd.



Slik eg har teikna det, så har eg fjerna døra inn til vaskerommet for å få meir plass. Eg har også satt inn eit spisskammers istadenfor kjøleskap, fordi vi ikkje har plass til kjølerom eller liknande i huset. Eg ynskjer heller ikkje å ha nokon overskap, litt pga plassmangel med alle vindua, men også fordi eg syns det er fint og luftig slik. Inne i hjørnet blir der plass til kokebøker og ev. kaffemaskin/ kjøkkenmaskin som står framme. Eg har i utgangspunktet lyst på enda større kjøkkenøy, men det kan bli litt trangt. Kom gjerne med innspel:) Eg ser meg blind!!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...