onsdag 4. november 2009

Sveitserstilen si historie

Sveitserstilen kom til Noreg i 1840 åra, og hadde si storheitstid fram til 1920 åra. Stilen kom frå sørtyske og sveitsiske alpehus, og egna seg til både arbeidsboligar, stasjonsbygningar, villaer, fjøs og turisthotell. Stilen blei gradvis meir norsk fram mot århundreskiftet. Aldri har ei stilretning funne seg så godt til rette og blitt så godt motteke som sveitserstilen.

Det som kjenneteiknar sveitserhuset er glasverandaer, spisse gavlar, stolpekonstruksjonar og utskjæringar. Huset har fleire etasjer og bratt saltak med store takutstikk. Ein forbinder i dag sveitserstil med kvite hus, men opprinneleg vart husa mala i fleire fargar. For å gjere fasadane meir levende og spennende, blei stolpar, lister og utskjæringar mala i ein mørkare farge.

Det store takutstikket, som har som funksjon å beskytte veggen, er truleg det trekket med sveitserstilen som blei konsekvent gjennomført. Men "prydnad" var også viktig ifølge svenske opplysningsbøker. Dette blir begrunna reint moralsk. "Et ordentlig og prydelig hjem vil ha en oppdragende effekt. En viss dekorativ utsmykking utover det som strengt tatt er nødvendig, vil skape trivsel, og det vil løfte sinnet. Men for mye og unødvendig dekor er uheldig, framfor alt skal dekoren formes i forlengelsen av det rent funksjonelle". Alt i alt er sveitserhusa meir handlaga enn dei ser ut til. Dei er ikkje industriprodukter, men gjennom si utprega rasjonalisme er dei skapt i ånd av industrialismen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...