torsdag 29. oktober 2009

Kontakt med arktitekt

I går var vi i kontakt med "arkitekt" for første gong. Vi tok med oss bilder av husa vi har sett på og la dei fram. For øyeblikket er det faktisk sveitserhuset "Svalen" som er mest aktuell. Han meinte at det var eit veldig spesielt hus på den måten at det er ståande panel og mykje bruk av glas. Han meinte at glasverandaen ville bli det dyraste, og at han ville gi oss nokre forslag til endringa. Glasverandaen er ikkje innbygd i stua opprinnelig, men han meinte at det skulle være mogleg å få til. Vi ynskjer også å forandre ein del på romløysingane.

Neste steg no blir å høyre kor mykje egeninnsats det vil bli moglegheit for. Vi ynskjer sjølvsagt å gjere mest mogleg sjølve, som å bygge mur, isolere osv.

2 kommentarer:

  1. Egeninnsats er kjempegreier, men det kan fort bli dyrare enn å leige fagfolk om en ikkje veit ka en styre med. Så rådet mitt e å gjere ting dokke veit dokke kan (eller kjenne folk som kan) og ikkje legg ut på storprosjekt som dokke trur dokke kan. Monge so he brent seg på sånnt :)

    SvarSlett
  2. Magne he no tatt leca-kurs;) Kan no alt då!! Neida, vi må sjøvsagt innhente skikkelig info først og vurdere om det e mulighet for å gjere ting sjølve. Men i utgangspunktet e vi veldig klare for å gjere en innsats. E e faktisk ganske pirkete, så trur ikkje vi gjer noke e ikkje føle me trygg på.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...