tirsdag 29. mai 2012

Tapetvalg

Eg trur at vi endeleg har bestemt oss for tapetar til resten av romma. Har nok forelska meg i Boråstapetane, så difor blir det borås på alle rom:) Det er liksom litt vanskelig å ta det endelege valget og bestille tapetane, for tenkt om eg finn ein tapet som er enda finare?


Stova

Gjesterom

Kontor/hobbyrom

Hovudsoverom

Soverom


mandag 28. mai 2012

Resultat frå helga

Det har vore ein fin jobbehelg i huset, med sol, godt selskap og mykje god mat i pausane. Vi har nok ikkje komt så langt som vi håpte, men det går stadig framover:) No er golvet ferdig på heile stova, og vi er godt på vei på kjøkenet. Alle spør om vi ikkje angrar på at valg av golv.."hadde vi valgt parkett hadde vi vore ferdig med golvet for fleire veker sidan". Men nei, golvet er nydeleg fint og utruleg lunt og godt å gå på:) Eg trur nok at vi hadde angra meir om vi la eit golv som andre meinte vi burde legge....

Tv-kroken



Fekk overgangen eg ville mellom kjøken og stove


Lekker tapet - boråstapet

lørdag 26. mai 2012

Arbeidshelg i huset

Ja, det har tatt litt tid med tregolvet!! Vi greidde til slutt å få ferdig golvet i 2 etasja, og no held vi på for fullt i hovudetasja. Sidan det er betonggolv i hovudetasje måtte vi fyrst legge plast, ullpapp og kryssfinêr før vi kunne legge sjølve tregolvet. No håper vi berre at vi har nok golv til å fullføre... Vi skal ha same golv på både stove, kjøkken og soverom i hovudetasja.





Nok ein gong stiller foreldra mine opp og hjelper til med det meste. I dag har dei begynt å legge tapet på kjøkenet:) Tapeten, som er ein Borås tapet, var visst svært enkel å ha opp. Skøytane er so og seie usynlege. Dette trur eg vert ei meget bra helg!


mandag 14. mai 2012

Gamalt bakstebord frå Romsdalen


Eg er veldig glad i gamle møblar med sjel, så når mamma fekk auge på eit gamalt bord som stod bortgøymd i kjelleren til tanta si visste ho kven som ville like det. Bordet er gamalt og velbrukt, og har blant anna vore bakstebord på slektsgarden Hestad. Såvidt eg forstod det har tippoldeforeldra mine brukt bordet:) Skal tru alt som har foregått rundt dette bordet opp gjennom tidene...




onsdag 9. mai 2012

Kjøkkeninnreiing


Kjøkkenet er endeleg bestemt og bestilt frå Espe trevare. Det blir levert i slutten av mai, og vi er kjempespent! Farge og benkplate kan vi framleis endre på, men det ser ut til at det blir kvit innreiing og heiltre benkplate i amerikansk valnøtt. Det skal bli heilt fantastisk med eit stort og funksjonelt kjøkken! Det einaste som gjenstår no er å lære seg å lage mat;)

søndag 6. mai 2012

Takpapp, veggpapp, tapet!

Endeleg har vi klart å plukke ut ein tapet, og det var jaggu ikkje berre berre. Det er så utruleg mykje fint å velge i. Likar spesielt godt tapeter frå Borås sine kolleksjonar Karslund og Falsterbo og Duro sine Gammelsvenska tapeter. På kjøkkenet har vi valgt ein Borås tapet, Karlslund 2930. Syns mønsteret er kjempefint, og passer perfekt inn i sveitserstilen. Den tek også igjen fargen frå ytterdøra vår:)

Borås - Karlslund 2930

Tapeten tek igjen fargen på døra


Andre flotte tapeter å velge i:

Borås - Karlslund 2921

Borås - Karlslund 2931

Borås - Falsterbo 1428

Borås - Falsterbo 1435

Borås - Falsterbo 1402

Borås - Falsterbo 1422

Duro - Gammelsvenska 015-01

Duro - Gammelsvenska 006-11

Duro - Gammelsvenska 087-19


Duro - Gammelsvenska 037-21

onsdag 2. mai 2012

Tregolv

Endeleg er det noko som skjer i huset, som viser igjen! I helga la vi tregolv i 2. etasja. Baseco Classic hvit. Furuplankane er ferdig luta og kvitolja. Det var nok ein god del meir arbeid enn vi hadde sett for oss, så uten eksepsjonell god hjelp frå foreldra mine hadde vi sikkert gitt opp. Inge var også til god hjelp. Vi brukte heile lørdag, søndag, mandag og tirsdag..phu! Likevel har vi over halve loftstova og litt av walk-in-garderoba igjen. Det har vore veldig mykje lirking, banking og svetting for å få borda skikkelig på plass. Men fy søren for eit lekkert golv:) No gjenstår berre heile hovudetasja...hehe. 

Soverom 1

Soverom 2

Hovudsoverom

Walk-in-garderoba

Flott overgang som vi brukte fleire timar på;)

Loftstova - halveis ferdig

Boda

torsdag 5. april 2012

Sparkla og mala gipstak

Nokre veker før påske leide vi inn folk til å sparkle og male taket på stove, kjøkken og i hallen. Det er eg svært glad for at vi gjorde:) To stykker brukte ei heil veke på å bli ferdig. Ganske greit resultat trur eg!

Stova

Stova

Stova mot kjøkkenet

Kjøkkenet

Hallen


Påskearbeid


I det siste har det vore mykje tenkearbeid og planlegging, og heller lite synleg framgang i huset. Er nok den mest frustrerande tida så langt i husbygginga. Magne har fått platekledd veggane på bada med Wedi-plater iallefall, så dei er klare for membran og flislegging. Badegolva er ikkje klar for flislegging enda pga at vi må støype heile golvet i 2. etg og finstøype litt i 1.etg.

Badet i 1. etasje

Badet i 2. etasje

Ellers har vi gått å venta lenge på hjelp til flislegging av vaskerommet, og endeleg kom påska med snille foreldre med arbeidslyst. Det var med godt mot vi tok tak i flislegging av golvet på vaskerommet, men det skulle vise seg å være ei viss utfording i å legge sjakkmønster med fliser som ikkje var like store. Fyrste dgn gjekk med på å prøve og feile, diskutere og teikne mønster. Vi håper å få ferdig golvet iløpet av dagen i dag:)..eller i morgo..

Diskusjon på gang

Dei svarte flisene var 1 mm mindre enn dei kvite

Ser bra ut så langt:)


 Vi har også fått testa ut balkongen i påska:) Det var nokre hærlige timar i sola, med hyggeleg selskap.

Kosa oss i solveggen

Påskestemning!


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...